Kvikkleireskred - NVE

Skred i kvikkleireområder har fleire gonger teke liv og eigendom og potensielle kvikkleireskred utgjer ein stor skaderisiko i mange områder i Noreg.

Kvikkleireområder med potensiell skredfare blir kartlagt på regionalt nivå og det er over 2300 kartlagde kvikkleiresoner i Noreg. Desse sonene er klassifisert med faregrad, konsekvensklasse og risikoklasse. Ved utbygging i ei sone eller for å vurdere behov for sikring av eksisterande bygningar, vert sona detaljutgreia for å finne stabiliteten av skråningane.

Ved all ny utbygging i områder der det kan vera fare for kvikkleireskred må kommunane vera sikre på at krava til tilfredstillande tryggleik kan nåast. Dette gjeld både i og utanfor kartlagde kvikkleiresoner. NVE har gjeve ut retningslinjer for flaum- og skredfare i arealplanar og har i samarbeid med den geotekniske bransjen utvikla Kvikkleireveilederen (NVE-vegleiar 1/2019: Sikkerhet mot kvikkleireskred. Vurdering av områdestabilitet ved arealplanlegging og utbygging i områder med kvikkleire og andre jordarter med sprøbruddegenskaper)

Veileder 1/2019 vart publisert i 2020 er ein revisjon av NVE veileder NVE veileder 7/2014.

Oversiktskartlegging

Etter det store kvikkleireskredet på Rissa, Sør-Trøndelag i 1978 vart det vedteke å byrje å kartlegge områder med potensiell fare for store kvikkleireskred (over 10 dekar areal). Dette er ei grov kartlegging basert på få grunnboringar og terrengkriterium (høgde >10 m og helling større enn 1:15).

I 2001 sette NVE i gang «Program for økt sikkerhet mot leirskred» i samarbeid med NGI, NGU og aktuelle kommunar. Programmet klassifiserte alle dei kartlagde sonene med ein faregrad og ei konsekvensklasse og produktet av desse; risikoklasse. Klassifiseringa gjer det mogleg å prioritere kva soner som bør sikrast, samt å differensiere krav til utredning og stabilitet ved utbygging i ei sone. Metoden er skildra i NVE Ekstern rapport 9/2020 Oversiktskartlegging og klassifisering av faregrad. Metodebeskrivelse (som er ein revisjon av NGI rapport  20001008-2 rev. 3 : "Program for økt sikkerhet mot leirskred. Metode for kartlegging og klassifisering av faresoner, kvikkleire"). Kvikkleiresoner i risikoklasse 4 og 5 og med høg faregrad har vore prioritert for vidare soneutgreiing, stabilitetsberekning og eventuelle sikringstiltak for å bøte på låg stabilitet. NVE hjelper kommunane i dette arbeidet og i planlegging og gjennomføring av sikringstiltak.

Den fyrste kartlegginga av kvikkleiresonene vart primært utført i Søraust-Noreg og Trøndelag, kvar det er store førekomstar av marine avsetningar og dermed potensiale for kvikkleire. Sidan 2004 har det òg vorte kartlagt kvikkleiresoner i Nord-Noreg, på Nordvestlandet, Sørlandet og Østfold. Den fyrste kartlegginga vart utført på kartblad, men i seinare år er det kartlagd kommunevis eller i utbygde område. Kartlegginga utførast etter plan for skredfarekartlegging - Delrapport kvikkleire.

Resultata frå kartlegginga og klassifiseringa presenterast i  rapportar og er også å finna gjennom NVE Temakart Kvikkleire.

 

Utanfor kartlagde kvikkleiresoner

Det fins også kvikkleire utanom dei registrerte kvikkleiresonene, sidan sonene er basert på terrengkriterier og område av ein viss storleik.

Hovudfokus til kartlegginga fram til 2000-talet var å identifisere store kvikkleiresoner langs vassdrag, sidan erosjon er ei av årsakene til at skred vert utløyst. I dei områda er det ikkje gjort vurdering av strandsoneområda eller kvikkleirelommer mindre enn 10 dekar.

I områder utanom kvikkleiresonene eller kommunar som ikkje er kartlagd kan ein nytta marin grense som aktsemdsområde for kvikkleireskred. Kvikkleire kan berre finnast under marin grense, sidan det er der ein finn leire avsett i sjøvatn (marin leire). Aktsemdsområder for samanhengande marin leire er markert i NVE Temakart Kvikkleire, som også kan nyttast for å snevre inn kva område som kan ha kvikkleire i grunnen. Dette aktsemdskartet er basert på NGUs kartløysing «Mulighet for marin leire».

Er det ynskjeleg å kartlegge meir i detalj kva områder som er utsett for kvikkleireskredfare fins det ei skildring av framgangsmåten i Kvikkleireveilederen (NVE veileder 1/2019).

Soneutgreiing

Ved utbygging i kvikkleiresoner eller områder med kvikkleire som ikkje tidlegare er kartlagt, må det gjerast ei utgreiing av sona. Soneutgreiinga gjerast i samsvar med Kvikkleireveilederen (NVE veileder 1/2019).

Nivået på utgreiinga avheng av kva som skal byggast (tiltakskategori). For mindre byggverk som ikkje forverrar stabiliteten og utan personopphald kan Vedlegg 2 i Kvikkleireveiledren nyttast. For andre tiltak skildrar Kvikkleireveilederen korleis geotekniske fagkyndige må gå fram for å oppnå krava til tryggleik i TEK17 § 7-3.

Ved tilflytting av personar må det gjerast ei fullstendig utgreiing av sona. Både for eksisterande kvikkleiresoner og for områder som ikkje er kartlagt må det fyrst gjerast geotekniske undersøkingar for å kartlegge utstrekninga av kvikkleira. Sonegrensene teiknast ut frå dette og topografiske avgrensingar, slik at ei sone syner det maksimale området eit skred kan bre seg. Utløpsområdet til eit eventuelt skred må også skisserast og det må gjerast ei ny klassifisering av sona.

Vidare skal det bereknast stabilitet i kritiske profil for å finne ein tryggleiksfaktor. Viss ikkje denne tryggleiksfaktoren oppfyller krava i TEK17 så må det gjerast tiltak for å forbetre denne. Forbetrande tiltak kan vera motfylling i foten av skråninga, avlastning i toppen, grunnforsterking eller bruk av lette masser.

 

Regelverk og rettleiingar Bygging i områder med kvikkleire Informasjon om kvikkleireskred i Gjerdrum

Utanfor faresoner

Det kan også finnast kvikkleire utanom dei kartlagde kvikkleiresonene. Dersom terrengkriteria ikkje er oppfylt, blir det ikkje avmerkt som ei faresone.

Kvikkleiresoner som er mindre enn 10 dekar vart ikkje inkludert i oversiktskartlegginga før omlag 2010 og heller ikkje faresoner langs sjøen. 

Innmelding av informasjon om kvikkleire

Det fins rapportar som viser kvikkleire frå andre aktørar som ikkje er sendt inn til NVE.

NVE oppfordrar alle aktørar til å rapportere inn nye og reviderte kvikkleiresoner til NVE for oppdatering av kvikkleirekarta.

Data frå grunnundersøkingar registrerast i Nasjonal database for grunnundersøkingar (NADAG).