Middagstinden 1 (Møre og Romsdal, Rauma kommune)
Middagstinden 1 ligg ovanfor vassmagasinet Berillvatnet i Innfjorddalen, 17 km sørvest for Åndalsnes.

Middagstinden 1. Foto: M. Böhme, NGU
Middagstinden 1 er eit stort komplekst ustabilt fjellparti delt opp i to scenario, A og B, med volum på høvesvis 59 og 46 millionar m3. Det er usannsynleg at begge scenario vil rase samstundes.
Målingar (dGPS,2008–2013), viser bevegelsar på 0,4 – 0,8 mm/år for scenario A. For scenario B indikerer satellittbaserte radarmålingar (InSAR) om lag same hastigheit som for senario A.
Skred frå begge scenarioa kan nå eit seter- og hytteområde, og dessutan Berillvatnet. Dette kan gi ei flodbølge, men områder påverka av denne er også i utløpsområdet til skredet. Skredmassane vil også danne ein dam, men sidan denne blir brei og vassføringa er låg er sannsynet for dambrot lågt.
Konsekvenser for arealbruk
I utløpsområdet for skred og i oppskyllingsområdene for flodbølgen vil det være restriksjoner på bygging av tiltak i sikkerhetsklasse S3. NVE vil i dialog med Rauma kommune diskutere og avklare hva som er aktuell oppfølging av Middagstinden 1.
Tiltak/oppfølging
Begge scenarioa har årleg nominelt sannsyn mellom 1/1000 og 1/5000 og vil difor bli følgt opp med periodiske målingar. Satellittreflektorar vart satt opp i 2019, og bakkebaserte radarmålingar (InSAR) har føregått sidan 2016.

Ustabile fjellpartier. Kart: NVE Atlas

Faresoner Middagstinden. Kart: NVE

Kilde: Nasjonal database for ustabile fjellparti, NGU

Kilde: Nasjonal database for ustabile fjellparti, NGU

Middagstinden 1. Foto: M. Böhme, NGU