Publisert 02.05.2019 , sist oppdatert 21.03.2022

Ivasnasen (Møre og Romsdal, Sunndal kommune)

Ivasnasen ligg over Gjøraneset, på søraust sida av Sunndalen, 30 km vest for Oppdal

Oversiktsbilde av det ustabile fjellpartiet Ivasnasen og det forhistoriske fjellskredet. Foto: T.Oppikofer, NGU
Oversiktsbilde av det ustabile fjellpartiet Ivasnasen og det forhistoriske fjellskredet. Foto: T.Oppikofer, NGU

Det ustabile fjellpartiet er avgrensa av ein opp til 10 m høg og 300 m lang bakskrent . Fjellpartiet er frittståande på begge sidene, og ligg ved eit førhistorisk fjellskred. Glideplanet følgjer foliasjonen. Volumet er omlag 2,2 millionar m3.

Rørslemålingar med ekstensometer og bakkebasert laserskanning (2010-2014) viser ikkje bevegelse.

Eit potensielt skred vil gå over hovudvegen og demme opp elva Driva, men vil ikkje nå bygningar. Sidan dammen blir høg og vassføringa er stor er sannsynet for dambrot stort, og dette kan gi konsekvensar i Sunndalen.

 

Tiltak/oppfølging

Årleg nominelt sannsyn for skred er mellom 1/1000 og 1/5000, og fjellpartiet vil difor bli følgt opp med bevegelsesmålingar. I tillegg vil meir detaljerte dam- og dambrotsberekningar bli utført.