Joasetbergi - NVE

Joasetbergi er ein del av det ustabile fjellpartiet Stampa i Vestland. Det ligg 800 m oppe i fjellsida aust for Flåm, innerst i Aurlandsfjorden; 125 km aust for Bergen.

Stampa. Foto: NGU

Stampa. Foto: NGU

Trykk for større versjon

Stampa er eit av dei største ustabile fjellpartia i Noreg med et volum på over 300 millionar m³. Øvre del er avgrensa av svære sprekker i fjellet. Det er ikkje realistisk at heile fjellpartiet skal kollapse og utvikle eitt stort skred, men det er identifisert sju delscenario som kan utvikle skred. Av desse er Joasetbergi (scenario 3a) klassifisert med høg risiko (NGU).

Joasetbergi er ei frittståande fjellblokk på 280 000 m³ som ligg 750–835 moh. Denne blokka har glidd 10–20 meter ut frå brattkanten av Stampa. Målingar dei siste åra (bakkebasert radar og GPS) viser årlege rørsler i underkant av ein cm. Denne blokka kan akselerere og utvikle eit skred som vil rekkje ned til og ut i Aurlandsfjorden.  Undervegs vil det ta med seg ytterlegare 220 000 m³ masse, slik at ein forventar at skredet vil ha eit volum rundt 400 000 m³ når det går ut i fjorden der det vil lage flodbølgjer.

Flodbølgjene vil ramme den indre delen av Aurlandsfjorden. Simuleringar viser at bølgjene vil rekkje 2–4 høgdemeter opp på land mot Flåm og inntil 2,5 meter mot Aurlandsvangen (NGI). I turistsesongen kan det opphalde seg over tusen menneske i faresona, men langt færre i vinterhalvåret. Årleg sannsynlegheit for skred frå Joasetbergi er estimert til noko over 1/1000.  Det vil seie at at den tilhøyrande faresona for skredet og flodbølgjene ikkje oppfyller kravet til sikkerheitsklassene S2 og S3 i TEK10, §-7-3. Når ein har beredskap og overvaking som sikrar persontryggleiken, kan ein fråvike dette kravet for faresoner knytt til flodbølgjer (TEK10, § 7-4).

Joasetbergi

Foto: Lars Harald Blikra/NVE

Trykk for større versjon

Joasetbergi

Foto: Lars Harald Blikra/NVE

Trykk for større versjon

Joasetbergi

Foto: Lene Kristensen/NVE

Trykk for større versjon

Konsekvensar for arealbruk

Det er behov for en oppfølging gjennom analysar av utløpsrekkevidder og flodbølgjer for å få et betre grunnlag for å fastlegge faresoner.

Sidan det i utløpsområdet for skred og i oppskyllingsområda for flodbølgjer frå scenario 3A (Joasetbergi) vil vere restriksjonar på bygging av tiltak i sikkerheitsklasse S2, vil NVE snarleg gå i gang med arbeidet for å kartlegge faresonene meir detaljert.

NVE vil i dialog med Aurland kommune diskutere og avklare korleis dette skal handterast innan faresonene for flodbølger er fastsatt.

Oppfølging/tiltak:

Sommaren og haust 2017 etablerer NVE kontinuerleg overvaking av Joasetbergi, basert på sanntids måledata.  Fleire målesystem vil inngå i overvakinga:


•    bakkebasert radar (InSAR) som måler avstandar (og rørsler) direkte mot terrenget
•    totalstasjon (laser) som målar 3D-posisjonar til fleire prismer på Joasetebergi
•    strekkstag mellom fjellsida og den lause blokka
•    satellittbaserte radarmålingar (InSAR) mot reflektorar plassert i fjellet.  Desse målingane vil også inkludere større skredscenario for Stampa
•    klimastasjon som måler viktige faktorar som regn og snøsmelting

 
Denne overvakinga vil utgjere kjernen i ein 24/7-beredskap i regi av kommunen, politiet, statsforvalteren, NVE, m.fl.

Kart over fjellparti i Sør-Norge med døgnkontinuerlig overvåking. KART: NVE

Kart over fjellparti i Sør-Norge med døgnkontinuerlig overvåking. KART: NVE

Trykk for større versjon

Om Joasetbergi i Vestlandet

JOASETBERGI: Et skred inntil 400 000 m³ vil kunne nå fjorden og skape flodbølger med relativt store konsekvenser.

Facebook iconFølg fjellskredovervåkingen på Facebook

Vekesrapporter for Joasetbergi Overvåking av Joasetbergi, mars 2018, NVE Flodbølgeberegning som følge av fjellskred fra Joasetbergi, mars 2017, NGI Øvrige rapporter og informasjon om objektet. Kilde: NGU Faresoner Joasetbergi, Stampa Kart: NVE

Faresoner Joasetbergi, Stampa Kart: NVE

Trykk for større versjon

Kilde: Nasjonal database for ustabile fjellparti, NGU

Kilde: Nasjonal database for ustabile fjellparti, NGU

Trykk for større versjon

Lidarskanning på Stampa. Foto: NGU

Lidarskanning på Stampa. Foto: NGU

Trykk for større versjon

Decorative map

Map location pin Kart

Ustabile fjellparti og faresoner

Fjellskred