NVE har det overordna ansvaret for statlege forvaltingsoppgåver innan førebygging av flaumskader og skredulykker. Dette inneber å yte hjelp til kommunar og samfunnet elles med kompetanse og ressursar til kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking, varsling og beredskap.

NVEs ansvar endrar ikkje på kommunar sitt ansvar for å ta omsyn til sikkerheit mot skred i arealplanlegging og handsaming av byggjesaker, eller tiltakshavar sitt ansvar for sikker utbygging. Statlege eigarar av infrastruktur har sjølve ansvar for å sikre både eksisterande og nye anlegg. Det er lokale beredskapsmyndigheter og samferdselsetatar som skal beslutte - fortrinnvis ved hjelp av sakkyndige ekspertar - behovet for å iverksette enkelte forebyggande tiltak, stenging av veg og bane, avsperring og evakuering.

NVE sin heilskapelege forvaltingsmodell for skred- og flaumskadeførebygging

NVEs arbeid med flaum og skred

Kartlegge og informere om fareområde
Kartlegging av flaum- og skredfare i NVE sin regi skjer på to detaljeringsnivå; aktsemdkart og faresonekart . Aktsemdkart dekker heile landet og faresonekart blir laga for utvalde område. Ut over dette gjennomfører NVE risikovurderingar for å prioritere mellom ulike sikringsprosjekt.

NVE kan yte hjelp til kommunar med fare- og risikokartlegging og detaljerte undersøkingar i utvalde område med høg risiko. NVE utarbeider kartleggingsmetodikk som kommunar og tiltakshavarar sjølve kan nytte for å gjennomføre detaljkartlegging av område som ikkje vert kartlagt i statleg regi. 

Rettleie og følgje opp arealplanlegging
NVE skal bidra til at omsynet til flaum- og skredfare blir tilstrekkeleg vurdert i kommunalt planarbeid. NVE sine retningslinjer for flaum- og skredfare i arealplanar gir kommunar og utbyggjarar rettleiing i korleis ein kan ta omsyn til slik fare i planarbeidet. NVE gjer også råd og uttale til kommunane i planprosessen.

Planleggje og gjennomføre sikringstiltak
NVE forvaltar staten sine midlar til sikringstiltak av eksisterande busetnad. NVE kan gje bistand til å utgreie fare, planlegge og gjennomføre sikringstiltak. NVE prioriterer dei tiltaka som har høgast samfunnsmessig nytte i forhold til kostnadene og der det kan være fare for liv og helse. Kommunar og utbyggjarar har sjølv ansvar for nødvendig sikring av ny busetnad.

Overvake og varsle
NVE har ansvaret for den nasjonale flaumvarslingstjenesta og har døgnkontinuerleg beredskapstelefon for flaum- og skredsituasjonar. NVE varslar flaum eller stor flaum når vi venter at vassføringa i eit vassdrag vil nå ein viss storleik eller at vasstanden i ein sjø vil overstige en viss vasstand. Eit flaumvarsel gjeld først og fremst for uregulerte og lite regulerte vassdrag.

NVE etablerte vinteren 2013 eit overvakings- og varslingssystem for å varsle fare for snøskred. I løpet av 2013 vil eit overvaknings- og varslingssystem for lausmasseskred vere operativt. Varsla er på regionalt nivå, tilsvarande NVE sine flaumvarsel. Varsla er å finne på www.varsom.no.

NVE har ansvar for å overvake fjellskred og å varsle beredskapsmyndigheiter. Varsling av befolkninga vil fortsatt vere eit lokalt ansvar.

Gje flaum- og skredfagleg hjelp i beredskapssituasjonar
NVE kan yte hjelp til lokalt og regionalt beredskapsansvarlege med flaum- og skredfagleg kompetanse i beredskapssituasjonar. I en beredskapssituasjon vil det vere NVE sine regionkontor i den aktuelle regionen som har kontakt med, og som gir råd og rettleiing til kommunar, politi og fylkesmannen sin beredskapsorganisasjon.

Høgste farenivå frå Varsom.no

Stortingsmelding 15 (2011/2012)

Stortingsmelding 15 (2011/2012) - Hvordan leve med farene - om flom og skred oppsummerer roller og ansvar innen flom og skredhåndtering i Norge

Relevante nettstader

Varsling av skred og flaum
www.varsom.no

Naturfareprosjektet  - NIFS
www.naturfare.no

Norges geologiske undersøkelse
www.NGU.no

Kartportal for beredskap
www.xgeo.no

Nedlasting av NVE-temakart
NVE-nedlast

Temakart som WMS
WMS-tjenester

 

Finn faresonekart for din kommune

Velg fylke
Velg kommune