Publisert 27.08.2013 , sist oppdatert 15.06.2021

Foreløpige tal for utrekninga av elsertifikatplikta for 2. kvartal: 44,9 TWh

Mengda elektrisk energi som er relevant ved utrekninga av elsertifikatplikta i Noreg for 2. kvartal 2013 var 44,9 TWh. Dette viser dei foreløpige tala frå nettselskapa og sluttbrukarar som rapporterer direkte.

Med ein kvoteplikt på 4,9 prosent for 2013 viser foreløpige tal at elsertifikatplikta etter andre kvartal omfattar 2,1 millionar elsertifikat.

NVE ber alle marknadsaktørane merka seg at tala frå nettselskapa ikkje er godkjende av dei elsertifikatpliktige, og at dei difor kan innehalde feil. Alle dei elsertifikatpliktige pliktar å sjå til at volumet som er relevant ved utrekning av elsertifikatplikta er korrekt.

Elsertifikatpliktige bør få tilsendt ei EDIEL melding (UTILTS/N16) med oversikt over volum som er relevant for utrekninga av elsertifikatplikta, når dei sjekkar voluma sine. Meldinga inneheld informasjon om kor mykje som er blitt rapportert inn til NECS (elsertifikatregisteret) frå kvart enkelt nettselskap.

Alle elsertifikatpliktige vert oppfordra til å kontrollere dei innrapporterte tala til NECS, slik at eventuelle feil kan rettast så raskt som mogleg.

Tabell: Mengda elektrisk energi som er relevant ved utrekning av elsertifikatplikta.

 

TWh

1. kvartal 2013 (jan.13-mar.13)

27,0

2. kvartal 2013 (jan.13-jun.13)

43,9