Publisert 29.01.2020 , sist oppdatert 18.06.2021

Ny rettleiar for miljø-, transport- og anleggsplan for bygging av nettanlegg

NVE har dei siste åra behandla mange miljø-, transport- og anleggsplanar (MTA-planar), og vore ute på kontroll i samband med bygging av nettanlegg. Eitt av måla med den nye rettleiaren er å formidle erfaringane våre frå dette arbeidet.

I konsesjonar for nettanlegg gitt i medhald av energilova § 3-1 (anleggskonsesjon), er det vanlegvis sett vilkår om at konsesjonæran skal utarbeide ein MTA-plan. Planen skal godkjennast av NVE. Formålet med rettleiaren er å bidra til at MTA-planen blir utarbeidd med ein tilfredsstillande kvalitet slik at MTA-planen kan behandlast av NVE. Rettleiaren omtaler forhold som må vurderast og skildrast i planen, og skisserer ein struktur som det er ønskeleg at konsesjonærane bruker. Ein grundig og gjennomarbeidd plan er eit godt utgangspunkt for eit effektivt saksarbeid i NVE.

Rettleiaren erstattar rettleiar 6/2011 frå NVE. Den gamle rettleiaren 6/2011 omfatta MTA-plan både for vindkraftverk og nettanlegg. I 2016 publiserte NVE ein eigen rettlaier for MTA-plan for vindkraftverk med namnet Rettleiar for utarbeiding av detaljplan og miljø-, transport- og anleggsplan (MTA) for vindkraftverk 1/2016. Når vi no også publiserer ein eigen rettleiar for MTA-plan for nettanlegg, vil derfor heile den gamle rettleiaren 6/2011 bli erstatta.

I tillegg til krav om godkjent MTA-plan, må konsesjonæren sørge for at det innføres og praktiseres internkontroll for ivaretakelse av krav til miljø og landskap, jf. energilovforskriften § 3-7. Det er mykje av den same informasjonen som konsesjonæren må legge inn i både MTA-planen og internkontrollsystemet. Dette gjeld mellom anna restriksjonsområde, naturverdiar og andre spesielle omsyn som må takast. Den nye rettleiaren for MTA-planar for bygging av nettanlegg bør derfor lesast i samanheng med Veileder for internkontroll for krav til miljø og landskap for energianlegg 8/2018.

Miljøtilsynets veiledere finner du her.