Dammar/vassdragsanlegg som kan medføre fare for menneske, miljø og eigedom dersom dei bryt saman, blir klassifiserte i konsekvensklasse 4, 3, 2 eller 1. Andre anlegg blir sett i konsekvensklasse 0 (tidlegare kalt uklassifisert). Ansvaret for vurdering av konsekvensklasse ligg hos eigarane, som må legge fram forslag til konsekvensklasse for godkjenning i NVE. Alle anlegg skal klassifiserast, men forskrift om sikkerhet ved vassdragsanlegg (damsikkerheitsforskrifta) gjeldande frå 1.1.2010 gir høve til å plassere dei minste anlegga direkte i konsekvensklasse 0 utan formell behandling og vedtak i NVE.

Etter damsikkerheitsforskrifta § 4-1 skal den ansvarlege for eit vassdragsanlegg vurdere konsekvensar av brot, svikt eller feilfunksjon og legge fram eit grunngitt forslag til konsekvensklasse for NVE. Krav til dokumentasjon av konsekvensklasse er gitt i damsikkerheitsforskrifta § 4-3. NVE fattar vedtak om konsekvensklasse med grunnlag i tilsend dokumentasjon. I denne samanhengen er det viktig å merke seg at anlegg som er mindre enn visse grenseverdiar, kan settast i konsekvensklasse 0 utan melding til NVE. Sjå damsikkerheitsforskrifta § 4-1 samt merknadene til damsikkerheitsforskrifta § 4-1, fjerde ledd. Det gjeld dammar som er lågare enn 2 m og som samtidig har eit oppdemt volum som er mindre enn
10 000 m3, og trykkrør der produktet av trykk (MPa) og diameter (meter) er mindre enn 0,2 (1 MPa svarer til 100 m vasstrykk). Dei anlegga som har størst konsekvensar ved brot, svikt eller feilfunksjon blir sette i konsekvensklasse 4, sjå forskrift om sikkerhet ved vassdragsanlegg kapittel 4 og skjema for klassifisering av dammar og trykkrør.

For anlegg i klasse 4, 3, 2, og 1 gjeld ei rekkje sikkerheitskrav. Nokre er administrative, slik som kravet om internkontroll og kravet om kompetanse for eige personell og for rådgjevarar, sjå damsikkerheitsforskrifta kap. 3 og internkontrollforskrifta. Andre er reint tekniske krav, som er samla i damsikkerheitsforskrifta og tilhøyrande retningslinjer/veiledere. For anlegg i konsekvensklasse 0 gjeld berre eit fåtal av krava i damsikkerheitsforskrifta, som til dømes at den ansvarlege for eit vassdragsanlegg er eigaren (§ 2-2), krav om sikringstiltak (§ 7-6) og krav om melding om ulykke (§ 7-11). Alle dei aktuelle krava for anlegg i konsekvensklasse 0 er lista opp i damsikkerheitsforskrifta § 1-4. 

For nye anlegg skal forslag til konsekvensklasse følgje søknad om konsesjon eller konsesjonspliktvurdering. Nye anlegg, eksisterande anlegg som ikkje er klassifisert, eller anlegg der det er tvil om konsekvensklassen, må frå 01.01.2010 vurderast i samsvar med § 4-2 i damsikkerheitsforskrifta. For anlegg som alt er klassifiserte, må det gjerast nye vurderingar med jamne mellomrom for å kontrollere at konsekvensklassen er rett. Dersom eigaren meiner at konsekvensklassen er feil, skal det søkast NVE om omklassifisering (vedlagt nødvendig dokumentasjon). Ved tvil om konsekvensklasse kan NVE krevje at det blir gjennomført ei dambrotsbølgeberekning, eller bestemme at vassdragsanlegget blir plassert i høgste aktuelle konsekvensklasse.