Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
I samarbeid med met.no og Statens Kartverk, lager NVE kart som viser den daglege snøtilstanden for kvar kvadratkilometer av Noreg. Karta kan sees på senorge.no.
Snøkarta på senorge.no viser simulert snømengde for kvar dag og kvar kvadratkilometer i hele Noreg. Karta viser blant anna snømengde per døgn, per månad, per år, for klimaperioder og klimaframskrivningar. Snømengda vises på mange fleire måter, blant anna som dagens snømengde i mm vassekvivalent, i cm snødjup, prosent av normalen eller som nysnø sist døgn eller endring i løpet av dei siste sju dagane. Karta er zoombare og det er mogeleg å sjå snøtilstanden for kvar einaste dag tilbake til 1957 og to dagar fram i tid.
På senorge.no finn du også kart som viser nedbør, temperatur, avrenning og klima.
Snøkarta vert produserte på bakgrunn av nedbør- og temperaturdata frå det nasjonale observasjonsnettet til met.no. Observasjonane vert interpolerte og høgdekorrigerte ved hjelp av ein terrengmodell, til gridruter med ein kilometers oppløysing. Deretter vert det rekna ut snømengde, snøsmelting og kor fuktig snøen er for kvar av gridrutene. På bakgrunn av disse berekningane simulerast også nysnø. Meir informasjon om interpoleringsrutinane og snømodellen finner du her. (PDF)
Senorge.no er òg kopla opp mot met.no og NVE sine databasar, slik at du kan få opp tidsseriar for målestasjonane både til met.no og NVE. Då har du mogelegheit til å samanlikne observert snødjup (frå met.no) med snødjupdekarta på senorge.no, samanlikne nedbør og temperatur (frå met.no) med nedbør- og temperaturkarta eller få opp data frå vassføringsstasjonane til NVE.
Kvar veke i vinterhalvåret vurderast snøkarta i senorge.no. Vurderinga legges ut på nve.no. Link til vurderinga ligger under www.nve.no/snorapport.
Senorge.no blei opna den 20. september 2006. Den 18. februar 2010 blei ein ny versjon av data (versjon 1.1) utlagd. Skilnadene mellom versjon 1.0 og versjon 1.1 dokumentert i NVE dokument 4-2010.