Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Rekordhøg nettoeksport. Nettoeksporten av kraft ut frå Noreg var i veke 27 på 617 GWh
NVE utarbeider og tilgjengeleggjer kraftsituasjonsrapportar kvar uke.Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 27 her. (PDF)
Det er den høgaste registrerte nettoeksporten frå Noreg i løpet av ei veke nokosinne. Mykje nedbør dei siste vekene har vore med på å fylle opp vassmagasina som no har ein fyllingsgrad rundt det normale for årstida.
Veke 27 var preget av lite vind i Danmark og på kontinentet, noko som medverka til høg etterspurnad etter norsk vasskraft. Noreg hadde derfor tilnærma full eksport til Nederland og Danmark gjennom heile veka.
I tillegg hadde Noreg høg eksport til Sverige, spesielt frå Aust-Noreg der magasinfyllinga er høgast i landet og det er mykje uregulerbar vasskraftproduksjon.
Store delar av kraftproduksjonen i veke 27 kom frå uregulerbar elvekraftproduksjon og produksjon frå magasiner som er opp mot fulle. Det at Noreg har muligskapen til å eksportere krafta fører til mindre tap av vatn frå slike kraftverk.
Det er ein del store magasin som tar lang tid å fylle opp og som framleis har låg magasinfylling. Desse sparer no på vatnet.
For meir informasjon , kontaktRådgivar Mats Øyvind Willumsen, tlf: 22 95 90 59Fyrstekonsulent Sigbjørn Nome, tlf. 22 95 94 09