Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Fleire hundre år med målingarDei eldste daglege målingane av vasstand blei gjort i Mjøsa ved Minne 1824-1827.
Systematiske målingar starta fleire stader ved årsskiftet 1846/47. Flaumnivå er derimot kjend for nokre store flaumar, på nokre få stader, tilbake til 1675.
Målingar i ulike landsdelar viser ein klar samanheng mellom vêr og kor mykje vatn som renn i norske elvar. Etter kraftig regnvêr kjem det gjerne ein flaum. Det same kan skje om våren som følgje av snøsmelting. Kor mykje snø som blir liggande om vinteren vil avgjere storleiken på vårflaumen, saman med temperatur og nedbør i smelteperioden. Korrigere for regulerte elvarFordelinga av vatn gjennom året kan endrast i regulerte elvar, der dammar blir brukt til å samle opp vatn i den varme årstida for å produsere elektrisitet om vinteren. Når vassføringa i regulerte vassdrag skal samanliknast opp mot klimaendringane må ein korrigere datasetta slik at dei representerer uregulerte forhold.
Fig 1: Avviket frå årleg middelverdi 1961-2005 Elverum i Glomma. Kilde NVE. Sjå større graf. Fig 2: Avvik i middelavløpet om høsten 1961-1990 ved Bulken i Vosso i prosent. Kilde NVE. Sjå større graf. Fig 3: Kjende snø- og regnflaumar i Noreg 1896-2005. Kilde NVE. Sjå større graf. Fig 4: Totalt tal på kjende flaumar i Noreg 1340-2005. Kilde NVE. Sjå større graf. MiddelverdiarAvløpet frå ei elv blir vanlegvis framstilt ved middelverdien kvart år for heile året, eller ein avgrensa sesong kvart år. Som referanse blir gjerne middelverdien for ein fast referanse- eller normalperiode oppgjeve. Gjeldande normalperiode er 1961-1990. Figurane til høgre viser avviket frå normalen, i prosent, for kvart år i ein lang dataserie frå Glomma ved Elverum (figur 1), og for Vosso ved Bulken i Hordaland, (figur 2.) Desse verdiane varierer mykje frå år til år. Det er derfor lagt inn utjamna verdiar som viser langtidstendensen i dataserien.Både våte og tørre periodarDet har vore våte periodar i dei kalde og nedbørrike 1920-åra og til dels i dei varme 1930-åra. Etter ein tørr periode frå slutten av 1968 til 1984 har det igjen vore periodar med høgt årsavløp. På Austlandet har det vore fleire storflaumar på 1700-talet som overgår seinare flaumar. Dei fleste flaumane skuldast kombinasjon av snøsmelting og regn, men storflaumar, som Storofsen i 1789, var i hovudsak årsaka av regn. Våtare på VestlandetDei siste åra har det vore våtare på Vestlandet enn tidlegare seriar visar. Dette blir stadfesta av nedbørobservasjonar frå Meteorologisk Institutt. Frå 1962 til 2000 førte den aukande nedbøren til at isbrear på Vestlandet blei større. Den største flaumen blei målt i 1918, men vi kjenner til større flaumar på 1800-talet og til tre enda større flaumar på 1700-talet på Vestlandet. Desse skjedde under ein kald periode kjend som den Vesle Istida. Den store auken på isbreane på 1600 og 1700-talet skuldast både mykje vinternedbør og låge sommartemperaturar som førte til liten smelting.