Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
På Filefjell er det ein lang tradisjon for snøforsking - allereie i 1967 ble den første snøputa satt ut. Staden var sentral for målingar under den hydrologiske dekaden (1960-1970). Hausten 2009 starta vi instrumenteringa av eit nytt snøforskningsfelt på Filefjell.
Med snøforskningsstasjonen på Filefjell ønskjer vi blant anna å finne ut av korleis ein betre kan måle vassekvivalent med automatisk måleutstyr, korleis snøsmelting kan modellerast og korleis klima- og grunnvassdata kan brukes til klimaforskning, skredvarsling og analyse av kraftsituasjonen.
På Filefjell Snøforskningsstasjon (Kyrkjestølane) vert det målt snødjup og snøens vassekvivalent med mange ulike målemetodar. Kvart år er det i gjennomsnitt 300-400 mm snø (målt i vassekvivalent) på snøstasjonen på Filefjell, og snøsesongen varer frå slutten av oktober til juni. I utgangspunktet er ikkje 300-400 mm snø så mykje, men stasjonen ligg strategisk plassert på vêrskillet mellom aust- og vestlandet, slik at vi kan sjå korleis ulikt vær og vind påverkar snømålingane våre. I tillegg til å forske på ulike målemetodar, ynskjer vi også kunne måle på småskalavariabilitet i vassekvivalent og å bruke stasjonen til validering av snømodellar. Stasjonen ligg like ved NVEs hytte "Varden" og stasjonen er enkel å nå både frå hovudkontoret vårt i Oslo og frå regionkontoret vårt i Førde. I vinterhalvåret vert stasjonen hyppig besøkt av våre felthydrologar.
På Filefjell er det ein lang tradisjon for å måle snø. Under den internasjonale hydrologiske dekaden (1965-1974) vart Filefjell valt ut som eit av tre representative område i Noreg. I perioden 1967-1974 hadde forskningsfeltet eit omfattande måleprogram for validering av utrekningar for vassbalanse. Hausten 2009 ble stasjonen på Filefjell kraftig oppgradert – frå å kun måle vassekvivalent (SWE) med ei snøpute, grunnvasssnivå, vind, lufttemperatur og nedbør i 2008, til i dag å ha totalt 99 parameter. Meteorologisk institutt (met.no) har også etablert ein automatisk vêrstasjon som måler nedbør, temperatur, luftfuktighet, vindhastighet og snødjup ved Kyrkjestølane.
Alle NVEs data er offentlege. Å gjere analyser på data frå Filefjell er mogeleg, og dersom du er interessert i data frå stasjonen er det bare å ta kontakt med oss.
Snøstasjonen på Filefjell/Kyrkjstølane anno 2010, Foto:NVE
Filefjell snøforskningsstasjon, vinteren 2010/2011, Foto: Heidi A. Grønsten, NVE.