Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Snøputer

09.02.2009 | 10:05

Frå over 25 stader i landet overvaker NVE snøforholda ved hjelp av snøputer. Snøputene måler vekta av den overliggjande snøen kvar time slik at vi kan følgje med i den dagelege utviklinga av snøpakka.

Snøpute ved skurdevikåi, Hardangervidda, 30. oktober 2008. Foto Hallgeir Elvehøy Snøpute ved skurdevikåi, Hardangervidda, 30. oktober 2008. Foto Hallgeir Elvehøy

NVE har montert 25 snøputer på strategisk valde stader i landet for å følgja med i den daglige utviklinga av snøakkumulasjon og avsmelting gjennom heile vinteren. Snøputene måler snøens vassekvivalent (SWE) og kan gje eit forvarsel om flaum.

Når SWE er langt over det normale, kan snøputene bidra til å identifisere flaumutsette vassdrag. Dei gjev også informasjon om snøen vert akkumulert eller smeltar i det høgdenivået som puta ligg. Snøputene gjev også ein indikasjon om korleis snødekket er frå år til år.

Beskriving av snøputer

Snøens vassekvivalent (SWE) er den mengda av vatn som vert funnen ved å smelta snøpakka, og vert vanlegvis oppgjeven i mm. Når snøen legg seg på snøputa fører dette til at væske vert pressa opp i et vertikalt stigerør. Trykket av væskesøyla i stigerøret er da den same som trykket av snøen på puta og trykket vert omgjort til SWE.

NVE sine snøputer er runde med diameter på 2 meter. Putene er fylt med 50:50 blanding av etanol og vatn. Til puta er det kopla eit stigerøyr der det ligg 2 trykkceller som registrerar trykkendringar i væska. Data vert registrert kvar time og overført til NVE sitt datamottak fleire gonger i døgnet via GSM eller GPRS. Snøputedata er såleis raskt tilgjengleg for operativ bruk. Alle data vert lagra i NVE`s nasjonale database Hydra II.

Snøputen ved Siccajavvre, Finnmark. Foto: Morten Due/NVE Snøputen ved Grytå, Telemark. Foto: Knut Møen/NVE
Snøpute ved Siccajavvre, Finnmark. Foto: Morten Due/NVE Snøpute ved Grytå, Telemark. Foto: Knut Møen/NVE

Historie

Snøputer har vorte nytta til å måla snøens vassekvivalent sidan 1961-1962 i Oregon , USA. NVE etablerte si første snøpute i forsøksfelt ved Kyrkjestølane på Filefjell allereie i 1967. Forsøksfeltet vart etablert i forbindelse med Den Internasjonale Hydrologiske Dekade (IHD), 1965-74. Når IHD vart avslutta, fortsatte NVE å samle inn data frå snøputa. På Groset i Telemark og Brunkollen i Bærum vart det satt i drift snøputer i 1971 og 1983. Alle desse putene er framleis i drift.

Frå 1997-1999 vart det sett ut 15 snøputer som ein konsekvens av den store flaumen i 1995. Det var naudsynt å ha ein betre oversikt over snømagasina og betre kunne varsla flaumar.  Etter dette har det i snitt vorte sett ut omlag ei puta i året. NVE driftar i dag eit nettverk av 25 snøputer fordelt ut over heile landet frå 30 moh til 1400 moh.