Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Historiske flaumar i NoregVi kjenner til enkelte store flaumar heilt tilbake til 1340-åra. Frå 1600-talet finn vi mange opplysningar om flaumskadar i gamle arkiv. Dei tidlegaste flaumane var alle katastrofale med store øydeleggingar og tap av menneskeliv. Fleire av dei største flaumane i Noreg har skjedd kort tid før eller etter særleg kalde periodar. Storofsen i 1789 skjedde etter ein kald periode frå hausten 1773 til våren 1789. Flaumen vart årsaka av ein vêrtype som også har årsaka mange av dei største katastrofeflaumane i Rhinen, Donau, Elben og Oder. Felles for desse flaumane er at svært varme og fuktige luftmassar har ført til kraftig og langvarig regnvêr.
TørkeperiodarHistoriske data fortel også om tørkeperiodar. I gammal tid var tørke i vekstsesongen særleg viktig for jordbruket. I 1830-åra var det fleire år med mykje tørke på Austlandet og i fjelltraktene. Det var også fleire tørre år frå 1875 til 1881. På seinhausten 1915 var det så tørt at fleire elvekraftverk på Sør-Vestlandet måtte stoppe. På Austlandet er perioden frå 1968 til 1984 i middelverdiar den tørraste perioden sidan dei fyrste målingane starta i 1846.