Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Laurdag 8. mai 2004 mellom kl 12:30 og 12:45 flomma store vassmengder ned Tverrdøla frå Flatbreen mot garden Øygard i Supphelledalen i Fjærland. Nede i dalbotn flomma vatnet ut over markane og sette store områder under vatn. Om lag kl 12:58 vart vegen innover Supphelledalen blokkert av grove lausmassar som elva hadde erodert ut i Tverrdalen. Sand og silt vart spreidd utover markane og ført med elva ut mot fjorden. Mellom kl 14:00 og 14:15 var vassføringa i Tverrelva om lag som normal att. Den øvre delen av Flatbreen og den tilhørende Supphellebreen er lange og slake, men i om lag 1000 meters høgde veltar breen utfor fjellskrentar og raser ned i Supphelledalen der ein ny bre er danna. På vestsida av brefallet har breen opp gjennom tidene danna to store moreneryggar: ein som er frå den vesle istida rundt 1750, og ein morenerygg som er frå rundt 1930-talet. På innsida av denne 1930-morena har det lenge vore ein liten innsjø. Fram mot 1990-talet var det ei opning i denne moreneryggen, og sjøen på innsida av moreneryggen hadde utløp her. På 1990-talet hadde breen eit framstøyt som la opp ein ny morene på innsida av 1930-morena, og som meir eller mindre blokkerte denne opninga. Avløpet frå innsjøen gjekk derfor enten gjennom morenen som grunnvatn, over morenen der den var lågast, eller under breen mot brefallet. Dagane før 8. mai var våte og varme med sterk snøsmelting og mykje vatn i elvane. På denne tida av året er ikkje elvane under breen skikkelig utvikla etter den lange, tørre vinteren. Når det brått kjem mykje vatn inn i breen, vert det danna mange små kanalar, og vatn kan bli samla opp i vasslommer utan avløp. Vasstrykket under breen vert høgt, og fører til auka isrørsle. Dette vart observert som auka rasaktivitet frå brefallet. På laurdag vart så ein kanal opna frå ei vasslomme under breen eller frå elvane under breen. Det er spor på breen ved innsjøen bak moreneryggen som viser at vatn har flomma ut av breen. Vasstanden i innsjøen steig slik at det byrja å renne over moreneryggen der han var lågast. Det rennande vatnet grov i lausmassane i moreneryggen og utvida opninga. Etter om lag 1 time stoppa flommen ut av breen, og hendinga var over. Det har ikkje vore råd å estimere kor stor vassføringa i Tverrdøla var denne dagen. Vassvolumet i innsjøen har imidlertid vorte estimert til opp mot 100 000 m3. Vassvolumet som kom ut av breen kan ha vore mykje større. Sidan flaumen er knytt til rask snøsmelting og mykje nedbør, er det truleg at tilsvarande forhold om våren eller seinhaustes kan gi tilsvarande flaumar frå Flatbreen. Familien Øygard har dagboksnotat frå 11. november 1947 som skildrar ei liknande hending av noko mindre omfang.
Les meir i:
Breien, H., F.V. De Blasio, A. Elverhøi og K. Høeg (2008), Erosion and morphology of a debris flow caused by a glacial lake outburst flood, Western Norway. Landslides Vol 5 No 3 p. 271-280. DOI: 10.1007/s10346-008-0118-3