Hardangerjøkulen (61º30’N, 7º30’E) er Norges 6. største isbre (73 km²). Det vart sett igang massebalansemålingar på Rembesdalsskåka, ein sør-vestleg utløpar frå Hardangerjøkulen, i 1963. Frontposisjonendringar har vore målt der i periodar sidan 1917. På Midtdalsbreen er det målt frontposisjonendringar sidan 1982. Sidan 2000 har ein meteorologisk stasjon vore i drift på bretunga på Midtdalsbreen.
Massebalanse
Massebalansemålingane på Rembesdalsskåka vart igangsett av Norsk Polarinstitutt i 1963. Sidan 1985 har målingane vore gjort av NVE på oppdrag av Statkraft Energi AS som ein del av dei hydrologiske målingane konsesjonspålagt Sima Kraftverk i Eidfjord. Sima Kraftverk utnyttar avrenninga frå aust-, sør- og vestsida av Hardangerjøkulen (omlag 53 km2). Midlare vinterbalanse på Rembesdalsskåka er 2,1 m vassekvivalentar, medan midlare sommarbalanse er 2,0 m vassekvivalentar. I eit normalår kjem det om lag 5 m snø oppe på breplatået i løpet av vinteren. Les meir om massebalansemålingane her.
Frontposisjonendring
Under den vesla istida (på 1700-talet) var Rembesdalsskåka om lag 2 km lengre enn i dag, og dekte halve Rembesdalsvatnet. Johan Rekstad ved Bergen Museum starta frontmålingar i 1917 då brefronten stod om lag ved bredden av Rembesdalsvatnet. Breen hadde eit lite framstøyt rundt 1930, men smelta tilbake om lag ein kilometer fram til midten av 1970-talet. Breen hadde eit framstøyt på 1980- og 90-talet som kulminerte rundt 1997. Etter 1999 har breen trekt seg raskt tilbake og stod hausten 2007 lengre tilbake enn på 1970-talet.
Midtdalsbreen er ein nordleg utløpar frå Hardangerjøkulen som drenerer mot Finse og Hallingdalsvassdraget. Frontposisjonmålingar vart igangsett i 1982 av professor Atle Nesje ved Universitetet i Bergen. Midtdalsbreen hadde eit lite framstøyt på 1980- og 90-talet. Les meir om frontposisjonmålingar.
Meteorologi
I oktober 2001 vart ein automatisk vart ein automatisk vérstasjon sett ut på bretunga på Midtdalsbreen. Institute for Marine and Atmospheric Research (IMAU), Utrecht University, Nederland eig og driv stasjonen. Stasjonen målar stråling, lufttrykk, fuktigheit, vind, temperatur og høgde ned til snøoverflata. Dataene vert brukt til å studere meteorologiske forhold på isbrear og til å rekne ut energibalansen på breen. I 2005 og 2006 var ein stasjon utplassert på toppen av Hardangerjøkulen óg.
Les meir om IMAUs vérstasjonar på brear rundt om i verda .
.JPG)
Automatisk værstasjon (AWS) på Midtdalsbreen, 25. august 2004. Foto: Sidsel Haug.
Jøkulhlaup frå Demmevatnet
Demmevatnet vert demt opp av brearma Rembedalsskåka. Den einaste naturleg dreneringsvegen er over eller under breen. Det var voldsame flaumar i Simadalen som følgje av jøkulhlaup frå Demmevatnet i 1813, 1861, 1893, 1937 og 1938. Disse store flaumane der vatnet tømte seg gjennom ein tunnel langs botn av breen varte inntil eit døgn. Før 1899 vart det også observert mindre flaumar som varte om lag 3 veker i august. Då steig Demmevatnet så mykje at vatnet byrja å renne over breen og smelta seg ein kanal ned til botn. For å få slutt på flaumane frå Demmevatnet vart det bygd omløpstunnelar som ga Demmevatnet ei permanent drenering. Den første vart bygd etter flaumen i 1893, og senka vasstanden 20 meter. Jøkulhlaupa i 1937 og 1938 kom som ein følgje av at breen hadde vorte mykje tynnare. Ein ny omløpstunnel var ferdig i 1938, og senka vasstanden om lag 45 meter til den høgda vatnet har i dag. Sidan har det ikkje vore jøkulhlaup frå Demmevatnet. I samband med bygginga av Sima Kraftverk er Demmevatnet no overført til Langavatnet lengre vest (Elvehøy m. fl. 2002).
Volumendring 1961 - 95
Hardangerjøkulen er fotografert fleire gongar, og kart er konstruert frå bilete frå 1961, 1973 og 1995. Kartet frå 1973 (N50-kart) er ubrukeleg då kartet viser heilt urealistiske høgdekoter på breplatået. Kartet frå 1961 vart konstruert frå vertikale flybilete frå 31. august 1961 (Fjellanger Widerøe, oppgåve 1230, målestokk 1:20 000). Det var god kontrast i bileta sjølv om det hadde komme nysnø nokre dagar før fotografering. Kartet vart konstruert analogt i målestokk 1:20 000 med ekvidistanse 10 m. Kartet er digitalisert og transformert til EUREF89. Kartet frå 1995 vart konstruert frå vertikale flybilete frå 31. august 1995 (Fjellanger Widerøe oppdrag 11862, målestokk 1:40 000). Det er meir vintersnø på disse bileta enn på bileta frå 1961. Kartet vart konstruert digitalt i målestokk 1:50 000 med 20 m ekvidistanse.
Volumendringa er utrekna ved samanlikning av terrengmodellar generert frå dei topografiske karta frå 1961 og 1995. Høgdeendringa mellom 1961 og 1995 vart utrekna som differansen mellom dei to terrengmodellane. Det meste av dreneringsområdet til Rembesdalsskåka har auka i tjukkleik. Volumendringa i perioden 1961-95 for området som drenerer til Rembesdalsskåka er utrekna til +7 ±3 m vatn jamt fordelt over brefeltet. Det tilsvarar eit overskot på 0,2 ±0,1 m vatn kvart år. Kumulativ massebalanse målt i perioden 1961-95 var 9 ±2 m vatn eller 0,27 ±0,05 m pr. år. Innafor estimert uvisse er ikkje dei to resultata signifikant forskjellige, men dei antyder at målt nettobalanse kan vere litt for positiv. (Kjøllmoen, 2001).
Litteratur
Andreassen, L.M., H.Elvehøy, and B.Kjøllmoen
2002: Using aerial photography to study glacier changes in Norway. Annals of Glaciology 34, p 343-347.
Breili, K. and C. Rolstad.
2009: Ground-based gravimetry for measuring small spatial-scale mass changes on glaciers. Annals of Glaciology, 50, 141-147.
Elvehøy, H.
1998: Samanlikning av massebalanse på Hardangerjøkulen og Folgefonna. NVE Dokument 5-1998, 26 p.
Elvehøy, H., J. Kohler, R.V.Engeset, and L.M. Andreassen.
1997: Jøkullaup frå Demnevatn. NVE Rapport 17-1997, 36 p.
Elvehøy H., R. Engeset, L.M. Andreassen, J. Kohler, Y. Gjessing and H. Björnson.
2002: Assesment of possible jökulhlaups from Lake Demmevatnet in Norway. IAHS Publ. No 271, 31-36.
Giesen, R.H., L.M. Andreassen, M.R.van den Broeke and J. Oerlemans.
2008: Comparison of the meteorology and surface energy balance at Storbreen and Midtdalsbreen, two glaciers in southern Norway. The Cryosphere - TCD, 2, 873-916.
Fægri, K.
1940: Forandringer ved norske breer 1937-39. Bergen Museums Årbok 1939-40. Naturvidenskapelig rekke. Nr 3.
Kjøllmoen, B. (Ed.)
2001: Glaciological investigations in Norway 2000. NVE Report 2 2001,122 p.
Liestøl, O.
1956: Glacier dammed lakes in Norway, Norsk Geografisk Tidsskrift, 15(3-4), 122-149.
Rosendahl, H.
1938: Rembesdalskåki og Demmevatn på Hardangerjøkulen. Naturen, 62. årgang, 1-18.