Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Austdalsbreen er ein nordaustleg utløpar av Jostedalsbreen. Breen har eit areal på 10.6 km² og ligg mellom 1200 og 1747 moh.
Austdalsbreen 19. august 2009. Foto: Hallgeir Elvehøy/NVE.
Austdalsbreen kalvar i Austdalsvatnet som er regulert mellom 1150 og 1200 moh. Glasiologiske undersøkingar på Austdalsbreen vart sett i gang i 1986 i samband med regulering av Jostedøla der Austdalsvatnet er magasin. Målingane er konsesjonpålagd Statkraft Energi AS for Jostedal kraftverk.
MassebalanseMassebalansemålingane har pågått sidan 1988. Midlare vinter- og sommarbalanse er 2,2 og -2,4 m v.ekv. På ein normal vinter kjem det 4 - 5 meter snø på breen. Firngrensa og midlare likevektslinehøgde ligg om lag 1425 moh. Det tilsvarar at arealandelen over likevektslinehøgda (AAR) er 70 %. Les meir i "Glaciological investigations in Norway"
FrontposisjonendringAustdalsbreen kalva naturlig i Austdalsvatnet før vatnet vart regulert, men den kalvande brefronten var liten. Sidan reguleringa i 1988 har brefronten trekt seg tilbake 480 m og arealet av breen har minka med 0,50 km²(2009). Kalving frå den 1000 m breie brefronten utgjer 10 – 15 % av sommarbalansen.
Austdalsbreen 1. august 1988. Foto Hallgeir Elvehøy/NVE
Austdalsbreen 19.august 2008. Foto Hallgeir Elvehøy/NVE
Kor fort og i kva retning breen glir vert målt ved å posisjonere målestakar bora ned i isen fleire gongar. Målemetodene er enten GPS eller tradisjonell landmåling. Nær brefronten er hastigheita om lag 100 m/år, men varierer ein del frå år til år pga. reguleringa av Austdalsvatnet. Når vasstanden er høg vert vasstrykket under breen (nær brefronten) relativt høgt, og det fører til at friksjonen vert relativt låg og dermed at gliderørsla vert relativt stor. Låg vasstand fører derimot til større friksjon og lågare gliderørsle.
LitteraturHooke, R. LeB, Laumann, T. and Kennett, M.,1989: Austdalsbreen, Norway: Expected reaction to a 40 m increase in water level in the lake into which the glacier calves. Cold Regions Science and Technology, 17, 14 s.
Laumann, T. and Wold, B., 1993: Reactions of a calving glacier to large changes in water level. Annals of Glaciology, 16, s 158-162.