Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Briksdalsbreen

25.02.2009 | 12:54

Briksdalsbreen 11. august 2006. Foto Hallgeir elvehøy Briksdalsbreen 11. august 2006. Foto Hallgeir elvehøy

 

 

Frontposisjonendringar har vore målt på Briksdalsbreen sidan 1900 (Rekstad 1902; 1904). Då stod brefronten omlag der elva gjer ein sving nede til venstre på biletet over. Mellom 1932 og 1951 trakk breen seg tilbake meir enn 800 meter slik at Briksdalsvatnet kom fram, og brefronten stod nesten ute av vatnet.

Briksdalsbreen har hatt fleire framstøyt og periodar med tilbakegang (Andreassen et al., 2005). I løpet av det siste framstøytet mellom 1987 og 1997 vart vatnet på nytt heilt dekt av breen. Etter 1999 trakk breen seg raskt tilbake slik at Briksdalsvatnet i 2008 var heilt brefritt.

Ideelt sett skal summen av årlege frontposisjonendringar tilsvare avstanden mellom kartlagde brefrontposisjonar, og samla frontposisjonendring skal vere den same i år når brefronten står i same posisjon. Både målemetoden i seg sjølv og forskjell i dato mellom fotografering (oftast om sommaren) og frontposisjonmåling (oftast om hausten) tilseier at tala for  frontposisjonendringane ikkje vert heilt like. Men for Briksdalsbreen hadde forskjellen vorte altfor stor. Derfor vart dei årlege frontposisjonendringane revidert i 2006. Les meir om dette arbeidet i kapittel 13.2 i brerapporten for 2006, og last ned ein tabell med reviderte tal.   

Kontaktinformasjon