Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

2010 - breane smelter tilbake

03.11.2010 | 16:23

Tilbakegangen til brefrontane held fram også i år. Resultat frå måling av 31 brear i Noreg viser at 27 brear har trekt seg tilbake, ein bre er uendra, medan tre brear gjekk fram. Den største tilbakegangen hadde Bødalsbreen i Stryn med 65 meter, Steindalsbreen i Lyngen med 40 meter og Nigardsbreen i Luster med 39 meter.

Steindalsbreen i Lyngen 26. august 2010. Steindalsbreen har trekt seg tilbake 40 meter iår og 221 meter sidan år 2000. Foto Frode Hansen. Steindalsbreen i Lyngen 26. august 2010. Steindalsbreen har trekt seg tilbake 40 meter iår og 221 meter sidan år 2000. Foto Frode Hansen.

 .

 .

 .

 .

 .

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

Tilbakegangen er omlag som i 2008 og 2009 men mindre enn i 2006 og 2007. Midlare tilbakegang for 25 brear i perioden frå 2000 til 2010 er 190 meter. Tilbakegangen utgjer omlag tre prosent av lengda til desse breane. Ein tilsvarande prosentvis minking i breareal for alle norske brear utgjer omlag 80 km2. Dei målte breane utgjer 14 prosent av brearealet i Noreg.

Rundt Jostedalsbreen har sju av ni målte brear trekt seg tilbake. Bødalsbreen i Stryn og Nigardsbreen i Luster gjekk mest tilbake med høvesvis 65 og 39 meter. Målingane ved Briksdalsbreen viste ein liten framgang på åtte meter.

Rundt Folgefonna har fire av fem målte brear hatt tilbakegang. Bondhusbrea i Kvinherad og Buerbreen i Odda gjekk tilbake 28 meter. Bondhusbrea har trekt seg tilbake 325 meter sidan 1996 då det siste breframstøytet stoppa opp, medan Buerbreen  har smelta tilbake 255 meter sidan 1998. Buerbreen og Bondhusbrea var omlag 775 meter lengre då frontmålingane starta i 1900 og 1902.

Ved Hardangerjøkulen viser målingane at Rembesdalsskåka i Eidfjord har smelta tilbake 14  meter. Breen har gått tilbake 343 meter sidan det siste breframstøytet stoppa i 1997. Rembesdalsskåka var omlag 1100 meter lengre då målingane starta i 1917. Midtdalsbreen ved Finse i Ulvik gjekk tilbake 34 meter. Breen har gått tilbake 143 meter sidan 2001.

I Jotunheimen er dei årlege endringane normalt små. Dei seks målte breane smelta tilbake mellom 5 og 20 meter. I løpet av dei siste ti åra har breane vorte 35 til 80 meter kortare. Hellstugubreen og Storbreen har vore målt samanhengande sidan 1901 og 1902, og har trekt seg tilbake omlag 1100 meter i denne perioden.

I Møre og Romsdal  har Trollkyrkjebreen i Norddal trekt seg tilbake 16 meter over to år. Til samanlikning er tilbakegangen sidan 1993 omlag 160 meter. 

I Nordland er fire brear målt. Storsteinsfjellbreen i Skjomen har trekt seg tilbake 22 meter dei to siste åra. Tilbakegangen sia 1993 er omlag 150 meter. Austre Okstindbreen i Rana har trekt seg tilbake 32 meter dei siste to åra. 
Engabreen, ein utløpar frå Svartisen har smelta tilbake elleve meter det siste året, og 266 meter tilbake sidan 1999 då det siste breframstøytet stoppa opp.

I Troms og Finnmark er fire brear målt. Steindalsbreen i Lyngen smelta tilbake 40 meter i år, og har trekt seg tilbake 221 meter i løpet av dei siste ti åra. Koppangsbreen og Sydbreen smelta tilbake 18 og 10 meter. Ein austleg utløpar av Langfjordjøkelen i Loppa i Vest-Finnmark smelta tilbake 15 meter. Breen har trekt seg tilbake 336 meter i løpet av dei siste ti åra. 

Kontaktinformasjon