Les om Frontposisjonendringar i 2011
Bakgrunn og metode
Dei første frontposisjonmålingane i Noreg vart igangsett rundt 1900 ved Jostedalsbreen, Folgefonna, Svartisen og i Jotunheimen av J. Rekstad fra Bergen Museum og P.A. Øyen fra Universitetet i Oslo. Målingene ble videreført av K. Fægri og W. Werenskiold, og senere av Olav Liestøl ved Norsk Polarinstitutt. . Dei første målingane er skildra av Hoel & Werenskiold (1962). Hydrologisk avdeling i NVE har hatt ansvaret for målingane sidan 1994.
Avstanden frå eit fast punkt (varde, malt merke på fjell, bolt i fjell og liknande) til brekanten vert målt i same retninga kvart år. Forskjellen i avstand langs denne lina gir eit mål for kor mykje heile breen har vokst eller minka. Til tross for uvisse i avstandsmåling og kor representativ målelina er for heile bretunga, så gir målingane informasjon om breen si langtidsutvikling.
Frontposisjonmålingane vert publisert årlig i NVE sin rapportserie Glaciological investigations in Norway. Resultata vert også rapportert til World Glacier Monitoring Service (WGMS) i Sveits og publisert i 'Fluctuations of Glaciers’ (FoG). Årlige endringar for breane i perioden 1996-2010 finn du i_Length_change_table_1996-2010.
Frontposisjonendringar i 2010
Åtte brear vart målt i Nord-Noreg og 23 brear i Sør-Noreg. Midlare frontendring var tilbake 18 meter.
Frontposisjonendringar i 2009
Fem brear vart målt i Nord-Noreg og 22 brear i Sør-Noreg. Fleire brear vart ikkje målt pga tidlig snølegging i fjellet. Midlare frontendring var tilbake 18 meter.
Frontposisjonendringar i 2008
Åtte brear vart målt i Nord-Noreg og 24 brear i Sør-Noreg. Midlare frontposisjonendring var tilbake 14 meter. Målingar vart tatt opp att ved Trollkyrkjebreen ved Trollstigen i Møre og Romsdal som vart målt i perioden 1944-74.
Resultat 2007
Tjueåtte brear vart målt i 2007, sju brear i Nord-Noreg og 21 brear i Sør-Noreg. Midlare endring var 32 meter tilbake. Målingar vart starta opp ved Sydbreen i Lyngen og ved Tuftebreen i Jostedalen.
Resultat 2006
Tjueåtte brear vart målt i 2006, fire brear i Nord-Noreg og 24 brear i Sør-Noreg. Fire brear frå Jostedalsbreen; Kjenndalsbreen, Brenndalsbreen og Briksdalsbreen i Olden og Bergsetbreen i Jostedalen,hadde tilbakegang på over 100 meter. Gråfjellsbrea frå Folgefonna hadde ein tilbakegang på nesten 100 meter. Midlare tilbakegang var 43 meter. Målingar vart sett igang ved Austre Okstindbreen (målt 1908-1944) og Corneliussenbreen i Okstindane, og ved Storsteinsfjellbreen i Skjomen.
Resultat 2005
Tjuesju brear vart målt i 2005, fire brear i Nord-Noreg og 24 brear i Sør-Noreg. Midlare tilbakegang var 13 meter.
Resultat 2004
Tjueseks brear vart målt i 2004. Briksdalsbreen og Buerbreen hadde ein tilbakegang på hhv. 120 og 90 meter. Midlare tilbakegang for breane var 23 meter.
Trendar 1982-2010
Mange brearmar frå dei kystnære platåbreane starta framstøyt på slutten av 1980-talet, men på slutten av 1990-talet hadde dei fleste framstøyta stoppa opp. Etter 2000 har mange av desse breane trekt seg opp til 500 m tilbake. Dei meir kontinentale breane som i Jotunheimen, i grensetraktene i Nordland, i Lyngen og i Finnmark har stort sett trekt seg langsamt tilbake. Det finnes unntak som til dømes Storgjuvbreen i Jotunheimen som hadde ein liten framstøyt på slutten av 1990-talet. Sjå figur som synar lengdeendringane sidan 1982 'Glacier length change 1982-2010'.
Briksdalsbreen – reviderte frontposisjonmålingar 1900-2006
Summen av årlege frontposisjonendringar skal tilsvare avstanden mellom kartlagde brefrontposisjonar, og samla frontposisjonendring skal vere den same i år når brefronten står i same posisjon. Både målemetoden i seg sjølv og forskjell i dato mellom kartleggingar / fotograferingar (oftast om sommaren) og frontposisjonmåling (oftast om hausten) tilseier at tala for frontposisjonendringane ikkje vert heilt like. Men for Briksdalsbreen har forskjellen vore altfor stor. Derfor vart dei årlege frontposisjonendringane revidert. Les meir om dette arbeidet i kapittel 13.2 i rapporten for 2006, og last ned eit rekneark med reviderte tal. Dei reviderte tala er også rapportert til WGMS.
Litteratur (utval)
Andreassen, L.M., H. Elvehøy, B. Kjøllmoen, 2005. Store endringer i Norges isbreer. Cicerone 2/2005, p 12-14.
Andreassen, L.M., H. Elvehøy, B. Kjøllmoen, R. V. Engeset and N. Haakensen, 2005. Glacier mass balance and front variation in Norway. Annals of Glaciology, no 42, s. 317-325.
Fægri, K. 1940: Forandringer ved norske breer 1937-39. Bergen Museums Årbok 1939-40. Naturvidenskapelig rekke. Nr 3.
Hoel, A. & Werenskiold, W.1962: Glaciers and snowfields in Norway. Norsk Polarinstitutt Skrifter Nr.114, 291 s.
Kjøllmoen, B. (ed.), 2010: Glaciological investigations in Norway in 2009. NVE Report No.2.
Liestøl, O. 1964. Noen resultater av bremålinger i Norge i 1963. Norsk Polarinstitutt Årbok 1963., s. 185-192.
Rekstad, J., 1904: Fra Jostedalsbræen. Bergens Museums Aarbog 1904, No 1, 1-69.
Rekstad, J., 1910: Forandringer ved norske breer i aaret 1908-09. Bergens Museum Årbok 1910, 2-12.
Øyen, P.A., 1906: Klima- und Gletcherschwankungen in Norwegen. Zeitschrift fur Gletcherkunde, Eiszeitforschung und Geschichte. 1: 46-61.