Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Effekter av klimaendringer

03.12.2008 | 11:07

Klimaet er i endring. Eit våtare og villare klima vil føre til at tilhøva i vassdraga våre vert endra. Fleire vinterflaumar, nedbørflaumar og flaumskred vil truleg auke i omfang og gi auka skader, særleg langs bratte, mindre vassdrag.  NVE arbeider på fleire område for å kartlegge kva for verknader klimaendringane kan få for vassføring, isbrear, energiproduksjon og fare for flaumskader.

Eksempel på kart som syner kor mange færre dagar med snødekke ein kan få i 2071-2100 samanlikna med 1961-1990. Kilde: SeNorge.no Eksempel på kart som syner kor mange færre dagar med snødekke ein kan få i 2071-2100 samanlikna med 1961-1990. Kilde: SeNorge.no

Fakta

Projeksjoner for framtidig tilsig kan brukast i ein datamodell som simulerer energiproduksjon i notidsklima og i eit framtidsklima.

Energibehovet for fyring i eit endra klima vert berekna ut frå klimamodellane sine temperaturseriar for framtidsklimaet.   

Ein indikasjon på at klimaet er i endring er at isbreane våre krympar. Endringar i tilsig og andre hydrologiske variablar har følgjer for energiproduksjon og forbruk, men også for vassdragssikkerheit som er eit av NVEs hovudarbeidsområde.

I størstedelen av landet vil vassdraga få auka vassføring, særlig om vinteren. Vårflaumane i dei store elvane vil komme tidlegare og verte mindre.

Dette gjer at vi må ha auka merksemd mot flaum, erosjon og flaumskred i bekkar og mindre elvar, særlig i bratte område.

Det betyr at kommunane må vere meir varsame når dei skal drive arealplanlegging, utbygging og sikring - særleg langs bratte vassdrag.

Det er viktig at kommunane har kunnskap om dei  hydrologiske konsekvensane av klimaendringane når dei skal planlegge for å bygge hus og infrastruktur. Derfor arbeider NVE aktivt med å kartlegge fareområde i vassdraga.

Scenarier for klimaendringar vert utarbeidd ved hjelp av meteorologiske og oseanografiske modellar, der ein tek omsyn til scenarier for framtidige utslepp av klimagassar. NVE brukar resultata frå denne forskinga til å rekne ut følgjene klimaendringar har for vassressursane i Noreg. Dette skjer i nært samarbeid med klimaforskarar ved Meteorologisk institutt og forskarar i andre norske, nordiske og europeiske institusjonar.

Vi registrerer svært mykje hydrologiske data. Dei eldste dataseriane går tilbake til midten av 1800-tallet. Dataseriane er nødvendige for å overvake klimautviklinga, og for å undersøke om modellberekningane stemmer med realitetane. NVE gjer berekningar av dei hydrologiske scenaria og produserer kart som syner mogelege endringar.