Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Energiforsyningen påvirkes

02.06.2009 | 13:17

Eit varmare, villare og våtare vér tyder at det vert meir energi i vérsystema, som igjen kan auke kraftproduksjonen. Meir nedbør og varmare vintrar fører i utgangspunktet til auka energiproduksjon i norske vasskraftverk, og meir vind kan føre til høgare produksjon i vindkraftverka.

Foto: Arne T. Hamarsland

Men villare vér, kan også føre til meir konsentrert nedbør og meir konsentrert vind. Ein muleg konsekvens av dette er at magasinkapasiteten til vasskraftverka oftare vert overskriden, og at vindturbinane oftare står stille på grunn av for sterk vind. Det er altså muleg at klimaendringane også kan føre til lågare energiproduksjon i dagens kraftverk.
Varmare vintrar vil redusere etterspurnaden etter oppvarming. Samstundes kan auka sommartemperaturar føre til at vi kjølar bygningane våre meir enn tidlegare. Ein muleg konsekvens av dette er at vi får ein jamnare etterspurnad etter energitenester.


Eit villare og våtare klima kan også få konsekvensar for forsyningssikkerheita. Kraftverk kan bli utsette for sterkare krefter i form av vind og flaum enn dei er dimensjonerte for. Elektrisitetsnettet kan bli utsett for nye påkjenningar i form av snølast og vind, som kan føre til straumbrot.


NVE bygger kontinuerleg kunnskap som førebur oss på desse utfordringane. Mellom anna ser vi på korleis vindkraft og vasskraft kan spele på lag for å sikre leveringssikkerheita og utnytte kraftnettet betre, og korleis vértilhøve påverkar vindkraftproduksjonen. Vi gjer også overordna analysar av energisystemet i ulike klimascenario.