Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Internkontroll er systematiske tiltak som sørgjer for at gjeldande krav i lover og forskrifter for vassdragsanlegg blir overhaldne.
Forskrift om internkontroll for å oppfylle lov om vassdrag og grunnvann gjeld for konsesjonspliktige anlegg og for anlegg som kjem inn under damsikkerhetsforskriften. Anleggseigarar som har dammar, rør eller andre vassdragsanlegg i klasse 4, 3, 2 eller 1 er difor pålagt å ha eit internkontrollsystem som dokumenterer at krav til sikkerheit blir følgt. Krav om internkontroll gjeld også for vassdragsamlegg i klasse 0 med konsesjon etter vannressurslova, men ved utarbeiding av internkontrollsystemet for desse anlegga bør den ansvarlege ta omsyn til at dei har ubetydelege brotkonsekvensar, dvs at det er svært få krav i damsikkerhetsforskriften som gjeld for dess anlegga.
Oppgåva til NVE damtilsynet er å kontrollere at anleggseigarane har etablert eit interkontrollsystem og at internkontrollen fungerer i praksis. NVE sin kontroll skjer gjennom såkalla systemrevisjonar og ved inspeksjonar av utvalde vassdragsanlegg (stikkprøver).
Kvart år lagar NVE ein plan for systemrevisjonar hos anleggseigarane. Planen blir ikkje offentleggjort, men dei eigarane som skal reviderast vil bli kontakta på førehand.