Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Bygging av dammar har vore underlagt offentleg kontroll sidan 1909, då NVE oppretta ei Kontrollavdeling, som etter kvart endra namn til vassdragstilsynet. Tilsynet med sikkerheita for dammar og andre vassdragsanlegg er i dag ivareteken av seksjon for damsikkerhet i NVE (damtilsynet). Tilsynsordninga er gebyrfinansiert.
Ansvaret for sikkerheita av vassdragsanlegga er plassert hos tiltakshavar (som regel eigaren), medan NVE si rolle er å sjå til at eigaren følgjer opp dei krava til sikkerheit som blir stilt gjennom regelverket. Då internkontroll for vassdragsanlegg blei innført i 1993, blei alle dammar som alt var omfatta av NVE sitt tilsyn, klassifisert i ein av tre klassar avhengig av brotkonsekvensar der klasse 1 var klassen med høgste brotkonsekvenser.
Med det reviderte regelverket som kom i 2001, blei ansvaret for vurdering av klasse plassert hos eigarane og klassifiseringa blei endra slik at klasse 3 blei klassen med størst brotkonsekvensar. I den nye damsikkerhetsforskriften gjeldende frå 01.01.2010 ble antallet konsekvensklassar utvida til 5, der klasse 0 innebærer ubetydelege brotkonsekvenser, og klasse 4 er klassen med dei største brotkonsekvensane.. I dag føregår NVE sitt tilsyn med klassifiserte vassdragsanlegg i klasse 1 til 4 hovudsakleg gjennom revisjonar av eigarane sine internkontrollsystem, stikkprøver (som regel inspeksjonar av utvalte vassdragsanlegg), og godkjenning av revurderingar, tekniske planer for nybygging og ombygging mv. Tilsyn med anlegg i klasse 0 blir ikke prioritert frå NVE si side, og krav til internkontroll gjeld berre for anlegg i klasse 0 som har konsesjon etter vassdragslovgivinga.