Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Dammar og andre vassdragsanlegg som sikrar stabil kraftproduksjon, vassforsyning eller tener andre gode føremål, kan vere ei fare for samfunnet om ikkje sikkerheita ved anlegga vert teke på alvor.
Der brot på eit vassdragsanlegg kan ramme menneske, miljø eller eigedom, skal anlegget klassifiserast i ein av tre konsekvensklassar. Forskrift om sikkerheit ved vassdragsanlegg med forskrifter, gjeld for klassifiserte anlegg.
Dammar har vore underlagt offentleg tilsyn sidan 1909 då NVE oppretta ein Kontrollavdeling (seinare Vassdragstilsynet). Tilsynet med sikkerheit ved dammar og andre vassdragsanlegg vert i dag ivareteke av seksjon for damsikkerheit i NVE.
Omgrepet vassdragsanlegg omfattar mellom anna dammar (demningar), trykkrør knytta til kraftverk, luker og ventilar, tverrslagportar, proppar og sluseanlegg.
På desse sidene finn du informasjon om kva tilsyn med sikkerheita ved vassdragsanlegg inneber, kva krav til sikkerheit som gjeld og tilvising til aktuelt regelverk o.a.