Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Vi på NVE er opptekne av at du skal oppleve god service når du er i kontakt med oss. Vi skal gi god informasjon og grunngi dei avgjerdene vi tek.
Vår serviceerklæring.
Det betyr at vi er tilgjengelege – sentralbordet og resepsjonen er betjent mellom 08:00-15:45 (15:00 ved sommartid) Vi gir raskt svar på spørsmål og førespurnader Vi legg til rette for innsyn i dokument Vi praktiserer meiroffentlegheit
Det betyr at du skal få informasjon som er korrekt, sakleg og forståeleg.
Det betyr at vi informerer planmessig utan å vente på at publikum vender seg til oss.
Skriftlege spørsmål og førespurnader skal få svar innan ein månad. Dersom det kjem til å ta lengre tid, vil du få ei skriftleg orientering om når du kan få eit endeleg svar. Vi informerer om klagehøve når vi treffer vedtaka våre.
Vi er opptekne av kva du synest om servicen vår og korleis vi kan bli betre. Du kan derfor ringe eller skrive til administrasjonsavdelinga/forkontoret, tlf. 22 95 93 20, eller bruke skjema på denne siden