Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Ole Per Schei

23.06.2010 | 13:59

Overingeniør Ole Per Schei, Cand. mag. grad frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, naturfag med vekt på landskapsforvaltning og planlegging.

Overingeniør Ole Per Schei. Foto: Hilde Totland Harket/NVE Overingeniør Ole Per Schei. Foto: Hilde Totland Harket/NVE

Fakta

Ved regionkontoret i Førde kan vi skilte med alle tenkjelege friluftsaktivitetar. I løpet av ti minutt når du alt som eg tykkjer er viktig i livet i løpet av 10 min; alpintanlegg og skistadion, starten på ei av Norges finaste klatrerute, toppturterreng og Jostedalsbreen. I rusjtida må ein rekne med 2 min ekstra...

Hva går jobben din ut på her i NVE?
Eg er tilsett i miljøtilsynet og følgjer opp alle typar anlegg innanfor Region Vest sitt område som har konsesjon etter vassdragslovgjevinga. I miljøtilsynet er oppgåva vår å sjå til at vilkåra i konsesjonane vert fulgt i alle fasar frå planlegging, i byggefasen og i driftsfasen. I tillegg jobbar eg med konsesjonspliktvurdering der ein skal avgjere om for eksempel eit kraftverk treng konsesjon etter vassressurslova eller om saka kan handtetrast i kommunen etter reglane i plan-og bygningslova.
 
Hvorfor søkte du jobben her hos oss?
Eg søkte på jobben i NVE fordi eg såg på oppgåvene i miljøtilsynet som relevante for min bakgrunn knytt til landskapsforvaltning, planlegging og skjøtsel. I tillegg var det ein jobb opp mot ein bransje i vekst der det skjer mykje positivt for mange menneske. Det var i seg sjølv ein vesentleg motivasjonsfaktor for å søke. Gjennom arbeidet med miljøtilsyn og konsesjonspliktvurdering er det og med høg puls og med mykje ansvar.
 
Hvem bør søke seg til NVE?
NVE er organisert med eit hovudkontor i Oslo og fem regionkontor plassert i Midt - Norge, Nord, Sør, Vest og Aust. Ein kan soleis velge om ein vil jobbe ruralt eller urbant. Jobb innan mitt område i NVE passar for dei som ynskjer å jobbe med særs spreidde og spennande fagområde, høgt tempo, store krav til fagleg kompetanse og til produktivitet. I tillegg må ein ha evne til å ta dei rette avgjerdslene og stå for desse i ettertid. NVE er rette arbeidsplassen om ein er offensiv og ynskjer å bidra til å gjennomføre statleg politikk.

Ved regionkontoret i Førde kan vi skilte med alle tenkjelege friluftsaktivitetar. I løpet av ti minutt når du alt som eg tykkjer er viktig i livet i løpet av 10 min; alpintanlegg og skistadion, starten på ei av Norges finaste klatrerute, toppturterreng og Jostedalsbreen. I rusjtida må ein rekne med 2 min ekstra...