Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Snøen har byrja å smelte mange stader, og varmt vêr vil sette fart i snøsmeltinga. Det er framleis mykje snø i fjellet på Vestlandet og dei nordvestligaste områda på Austlandet.
Denne ukes snørapport er utarbeidet av Heidi Bache Stranden, Hydrologisk avdeling, seksjon for bre, is og snø. NVE.
Snøvurderingen er basert på snøkartet samt en snøhydrologisk vurdering av forholdene.
Snømengden er gitt i forhold til normal snømengde for aktuell dag i året basert på statistikk for perioden 1971-2000.
Les mer om NVEs arbeid om snø her.
www.nve.no/snorapport.
For informasjon om snøskredfare, se www.varsom.no
På Finnmarksvidda har snøsmeltinga byrja, og det er stadvis bart på dei lågaste plassane (opp mot 350 moh). Det er også bart langs havnivå, og snøgrensa varierer frå 100 opp mot 350 moh. I Troms og Nordland går snøgrensa stadvis ned mot 200 moh. I løpet av den siste veka har det tidvis vore stor snøsmelting, men på dei høgaste toppene i indre delar av Troms og Nordland har det kome nysnø. Det er framleis mindre snø enn normalen, særleg i ytre strøk av Finnmark, mens det i indre strøk av Troms og Nordland er meir normale snøforhold.
I Trøndelag går snøgrensa stort sett over 600 moh. Det har tidvis vore stor snøsmelting i løpet av den siste tida, men høgt til fjells har det komme noko nysnø. Det er framleis meir snø enn normalen i fjellet.
På Vestlandet varierer snøgrensa både med høgde over havet, avstand frå kysten og frå nord til sør. Snøgrensa ligg lågare mot nord og inn i landet. Stadvis går snøgrensa ned mot 600 moh, for eksempel ved met.no sin målestasjon Jordalen i Voss (614 moh) der det framleis er 80 cm snø (kjelde: www.yr.no). Varmt vêr dei siste dagane har sett fart i snøsmeltinga, og framleis varme vil føre til at snøsmeltinga aukar. I Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og i indre strøk av Rogaland er det framleis meir snø enn normalen, og stadvis opp mot dobbelt så mykje som normalt. I fjellet i Hordaland er det normalt med snø.
På Sør- og Austlandet går snøgrensa høgt, rundt 900-1000 moh fleire stader. Det er høgare enn normalt, men likevel lågare enn på same tid i fjor. I Langfjella er det normale snøforhold, og meir snø enn normalt i dei nordligaste og vestligaste fjellområda. Det er meir snø enn det var på same tid i fjor. På målestasjonen til met.no på Grotli, Oppland, (872 moh) er det no 68 cm snø (kjelde: www.yr.no). På dei aller høgaste fjelltoppene har det kome tørr nysnø den siste tida. I dei lågare fjellområda er det betydeleg mindre snø enn normalt. Varmt vêr dei siste dagane har ført til auka snøsmelting, og med framleis varmt vêr vil snøsmeltinga auke ytterligare.
Samenlikna med snømålestasjonane til met.no viser ein stor del av stasjonane no barmark. Det er kun på enkelte stasjonar i høgfjellet at målestasjonane viser snø. Snøkartet overestimerer stort sett snømengda, og snøgrensa ligg høgare enn det snøkartet viser.
Se mer detaljert kart på www.senorge.no og www.snøkart.no, eller følg oss på facebook og twitter.
Illustrasjon: Endring i snømengde siste syv døgn. Kilde: www.senorge.no
Tjenesten www.senorge.no er utviklet i et samarbeid mellom