Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Høg eksport og låge prisar

21.02.2012 | 09:28

I fjerde kvartal 2011 eksporterte Noreg 4,2 TWh straum. Det er den høgaste nettoeksporten registrert i fjerde kvartal nokon gong. Kraftprisen var samstundes på eit uvanleg lågt nivå for årstida.

Avdelingsdirektør Marit L. Fossdal Avdelingsdirektør Marit L. Fossdal

- I vasskraftlandet Noreg samsvarar høge tilsig som regel med høg kraftproduksjon. Når magasina er tilnærma fulle, som i fjerde kvartal, må vasskraftprodusentane produsere for å vere sikre på at dei har plass til vatnet som kjem når snøen smeltar om våren. Produksjonsnivået førre kvartal var derfor på nivå med produksjonen i fjerde kvartal 2010, trass i langt mindre innanlandsk forbruk, seier avdelingsdirektør Marit L. Fossdal i NVE.

Kraftoverskotet sikra rekordhøg nettoeksport på 4,2 TWh i 4. kvartal. Totalt for 2011 var den norske nettoeksporten 3,0 TWh, mot 7,5 TWh nettoimport i 2010. Omslaget frå nettoimport til nettoeksport gjev eit godt bilete på den forbetra ressurssituasjonen frå det eine året til det andre. Medan 2010 jamt over var eit tørt og kaldt år, var det i 2011 både våtare og varmare enn normalt.

Dei gjennomsnittlege kraftprisane i Noreg var omlag 26,5 øre/kWh i fjerde kvartal 2011. Det er eit prisnivå som er vanlegare sommartid enn vinter.

- Fyllingsgraden i dei norske vassmagasina var høg igjennom heile kvartalet. Samstundes var det mildare vêr enn normalt for årstida, og kraftforbruket dertil lågt. Det haldt kraftprisane på eit lågt nivå. I starten av kvartalet gav dessutan store nedbørmengder mykje uregulerbar vasskraftproduksjon, noko som pressa prisane ytterlegare nedover, seier avdelingsdirektør Marit L. Fossdal i NVE.

Energitilsiget til vassmagasina var 31,6 TWh i løpet av kvartalet, eller 9,4 TWh meir enn normalt. Det sikra rekordhøge 80,3 prosent i fyllingsgrad ved utgangen av 2011. Høgare fyllingsgrad ved eit årsskifte er ikkje registrert i perioden 1982 – 2011. Situasjonen var dermed motsett frå årsskiftet 2010/2011 då fyllingsgraden var rekordlåge 45,3 prosent.

Last ned rapporten for 4. kvartal 2011.

Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Marit L. Fossdal, tlf. 22959353/90188373
Fungerande seksjonssjef  Finn Erik L. Pettersen, tlf. 22959845/99480886
Kommunikasjonsrådgiver Arne Søiland, tlf 40 21 01 50