Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Flaum, erosjon og skred er naturlege geologiske prosessar som er med på å forme landskapet. Men desse prosessane kan vere farlege når dei rammar område der folk bur og ferdast.
Stortingsmelding 22 (2007-2008)St. meld. nr. 22 (2007-2008)
Faktaark om NVEs skredarbeidLast ned faktaarkret
Relevante lenkerskrednett.no Noregs geologiske undersøking Norsk Naturskadepool Norges geotekniske institutt Statens vegvesen Jernbaneverket Meteorologiske institutt www.yr.no www.senorge.no www.meteoalarm.eu www.snoskred.no
Målet med det statlege engasjementet knytt til førebygging av skader og tap frå flaum og skred er å skape tryggare lokalsamfunn og auka samfunnssikkerheit.
Arbeidet inneber å yte hjelp med kompetanse og ressursar til kartlegging, arealplanoppfølging, sikring, overvaking, varsling og beredskap. Det statlege ansvaret endrar ikkje på kommunane sitt ansvar for å ta omsyn til sikkerheit mot skred i arealplanlegging og handsaming av byggjesaker, eller tiltakshavarar sitt ansvar for sikker utbygging.
NVE vil redusere risikoen knytt til skred gjennom følgjande tiltak:
Kartleggje og informere om fareområdeNVE skal vidareføre det statlege programmet for skredkartlegging, som i hovudsak er ei oversiktskartlegging, og vil utarbeide ein nasjonal kartleggingsplan.NVE kan yte hjelp til kommunar med fare- og risikokartlegging og detaljerte undersøkingar i utvalde område med høg risiko.
Rettleie og følgje opp arealplanlegging og arealdisponering NVE skal bidra til at omsynet til skredfare blir tilstrekkeleg vurdert i kommunalt planarbeid. Dette inneber å utvikle retningsliner for korleis ein skal ta omsyn til skredfare i regional og lokal planlegging og gje råd og fråsegn til kommunane i planprosessen. NVE skal leggje vekt på å gje innspel tidleg i planfasen for å sikre at skredfare blir utgreia i tilstrekkeleg grad.
Planleggje og gjennomføre sikringstiltak mot skredNVE skal forvalte staten sine midlar til sikringstiltak av eksisterande busetnad, og prioritere mellom tiltak og område for sikring. NVE kan gje tilskott til eller bidra med planlegging og gjennomføring av tiltak.Kommunar og utbyggjarar har ansvar for nødvendig sikring av ny busetnad. Statlege eigarar av infrastruktur har sjølve ansvar for å sikre både eksisterande og nye anlegg. Dette gjeld Statens vegvesen, Jernbaneverket m.fl.
Gje skredfagleg hjelp i beredskaps- og krisesituasjonar NVE kan yte hjelp til lokalt og regionalt beredskapsansvarlege med skredfagleg kompetanse i beredskapsplanlegging, delta i beredskapsøvingar og gje råd under kriser. I alle flaumsituasjonar følgjer NVE situasjonen nøye og har folk ute i felt ved behov.
NVE si flaumvarslingsteneste gjev informasjon til kommunar og andre om flaumsituasjonar. NVE sine regionkontor kan hjelpe det lokale og regionale beredskapsapparatet i ein slik situasjon.