Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Kraftsituasjonen veke 7, 2010

24.02.2010 | 14:00

Stigande prisar i veke 7. Gradvis kaldare vêr og auka forbruk førte til prisoppgang i Noreg utover i veke 7. 

Om kraftsituasjonsrapporten

NVE utarbeider og tilgjengeliggjør kraftsituasjonsrapporter ukentlig.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for uke 7 her.


Dei høgaste prisane denne veka var sist søndag. Då var døgnprisen 83,8 øre/kWh i Søraust-Noreg og 84,4 øre/kWh i Midt- og Nord-Noreg. Det har ikkje vore registrert høgare søndagsprisar i Noreg tidlegare. Prisauken gjennom veka var størst i Søraust-Noreg. Der auka døgnprisen med 30 øre frå måndag til søndag. I Midt- og Nord-Noreg auka døgnprisen med 17 øre. I Sørvest-Noreg var det og ein liten prisoppgang gjennom veka, men prisen i dette området var 35 øre lågare enn i resten av Noreg sist søndag.

Den låge fyllingsgraden i norske vassmagasin og låge tilsig, bidreg saman med låg svensk kjernekraftproduksjon til å forklare at prisane stiger så mykje når vêret blir kaldare og forbruket aukar. Gjennom sist veke minka den norske magasinfyllinga med 3,3 prosenteiningar til 40,9 prosent. Det er 14,7 prosenteiningar under medianverdien for veka.

For meir informasjon , kontakt
Seniorrådgiver Jon SAgen, tlf: 22 69 12 60
Rådgiver Finn Erik L. Pettersen, tlf: 22 95 98 45
 


Relatert informasjon