Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Høgare kraftproduksjon i Noreg.Sett under eitt, vart det i førre veke i Noreg noko høgare temperaturar, og forbruket fall med 43 GWh til 3 276 GWh.
NVE utarbeider og tilgjengeliggjør kraftsituasjonsrapporter ukentlig.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for uke 6 2010 her.
Samstundes auka den norske kraftproduksjonen med 107 Gwh til 3 248 Gwh. Lite vind og utfall av kraftverk i Danmark og Sverige medverka til lågare krafttilbod i marknaden. Dette bidrog så til ein prisauke i dei fleste nordiske elspotområda og ein auka norsk kraftproduksjon.
Kraftprisen i Søraust-Noreg, som i førre veke var 50,8 øre/kWh i snitt, ligg no nærmare prisen i Sverige enn prisen i Sørvest-Noreg. Snittprisen i dei sistnemnte områda vart i førre veke 52,3 og 40,4 øre/kWh. Søraust-Noreg, som før 11. januar var i same prisområde som Sørvest-Noreg, hadde tilnærmingsvis same pris som Sverige under fleire av pristoppane i veke 6. I Midt- og Nord-Noreg var kraftprisen 52,3 øre/kWh.
I veke 6 fall fyllingsgraden i dei norske magasina med 3,4 prosenteiningar, og enda på 44,2 prosent. Det er 14,1 prosenteiningar under medianverdien for veka og 7,4 prosenteiningar under fjoråret sitt nivå
For meir informasjon , kontaktSeksjonssjef Tor Arnt Johnsen, tlf: 930 24 238Avdelingsingeniør Kristian Rasmussen, tlf: 22 95 98 57