Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Kraftsituasjonen veke 52 og 53 2009

06.01.2010 | 14:00

Høgaste norske vekeforbruk sia 2001. Det norske kraftforbruket var 3272 GWh i veke 53. Vi må tilbake til vinteren 2001 for å finne ei veke med høgare norsk kraftforbruk.

Om kraftsituasjonsrapporten

NVE utarbeider og tilgjengeliggjør kraftsituasjonsrapporter ukentlig.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for uke 52 og 53 her.


Låge temperaturar forklarar det høge forbruket. Det kaldaste vêret var i Sør-Noreg. I Oslo var snittemperaturen -11,5 grader denne veka.

Sjølv om det  kalde vêret  bidrog til høgare forbruk enn i fjor dei siste vekene av 2009, har det vore ein betydeleg nedgang i det samla norske årsforbruket jamført med fjoråret.

Samanliknar vi forbruket til og med veke 52 i 2009 med tilsvarande periode i 2008, er det norske forbruket 6,8 TWh lågare i 2009. Korrigert til normale temperaturar er nedgangen 8,2 TWh. Over halvparten av denne nedgangen kan forklarast med lågare forbruk i kraftintensiv industri.

For meir informasjon , kontakt
Seksjonssjef Tor Arnt Johnsen, tlf: 930 24 238
Rådgiver Finn Erik L. Pettersen, tlf: 22 95 98 45

 


Relatert informasjon