Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Kraftsituasjonen veke 34, 2010

01.09.2010 | 14:00

Norsk nettoeksport. Noreg var for første gang sidan veke 29 nettoeksportør av kraft med ein nettoeksport på 67 GWh i veke 34.

Kraftsituasjonsrapporten

NVE utarbeider og tilgjengeliggjør kraftsituasjonsrapporter ukentlig.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for uke 34 her.


Det var særleg i timane med høgt forbruk Noreg hadde eksport, og mesteparten av denne eksporten gjekk til Danmark. Det norske kraftforbruket steig med 2,3 prosent samanlikna med førre veke, medan produksjonen auka med 9,7 prosent. Produksjonen i Noreg auka mest i Sørvest- og Aust-Noreg, høvesvis med 19,5 prosent og 12,4 prosent.

Fyllingsgraden i vassmagasina i Noreg steig med 1,6 prosenteiningar i løpet av veka. Auken kom i Vest-, Sørvest- og Aust-Noreg, som alle hadde ein auke i fyllingsgraden på over 2 prosenteiningar. Mykje nedbør i desse områda bidrog til denne auken. I Midt- og Nord-Noreg var det ein nedgang i fyllingsgraden på 0,2 prosenteiningar.

 

For meir informasjon , kontakt
Seksjonssjef Tor Arnt Johnsen, tlf: 22 95 91 49
Førstekonsulent Margit Iren Ulriksen, tlf: 22 95 94 08 


Relatert informasjon