Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Kraftsituasjonen veke 28 2012

18.07.2012 | 14:00

Høgt tilsig og høge magasinfyllingar ga låge prisar.

Kraftsituasjonsrapporten

NVE utarbeider og tilgjengeleggjer kraftsituasjonsrapportar kvar uke.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 28 her. (PDF)


I veke 28 hadde Noreg dei lågaste gjennomsnittlege vekeprisane på kraft sidan oktober i fjor. Dette er mellom anna grunna høgt tilsig og mykje nedbør saman med høge fyllingsgradar førte med seg høg uregulerbar kraftproduksjon.

Dei gjennomsnittlege kraftprisane gjekk ned med 27 til 36 prosent i dei norske elspotområda i veke 28. Vest-, Sørvest- og Aust-Noreg hadde ein vekepris på 10,7 øre/kWh. Midt- og Nord-Noreg hadde like prisar heile veka med eit gjennomsnitt på 10,8 øre/kWh.

For meir informasjon , kontakt
Fungerande seksjonssjef Finn Erik Ljåstad Pettersen, tlf: 22 95 98 45
Førstekonsulent Martin Andreas Vik, tlf: 22 95 93 31


Relatert informasjon