Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Kraftsituasjonen veke 26 2012

04.07.2012 | 14:00

Høgare norsk nettoeksport. Den norske nettoeksporten auka med 156 GWh til 513 GWh i veke 26.

Kraftsituasjonsrapporten

NVE utarbeider og tilgjengeleggjer kraftsituasjonsrapportar kvar uke.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 26 her. (PDF)


Høgare kraftforbruk i nabolanda våre medverka til eksportauken. Samanlikna med veka før var det også langt færre kapasitetsreduksjonar på overføringsforbindelsane frå Sør-Noreg til Sverige og Danmark.

Sjølv om nettoeksporten auka totalt for veka var det fleire timar med norsk import enn i veke 25. Importen kom i Sørvest-Noreg, om natta og i helga, og kan koplast til høg vindkraftproduksjon i Danmark.

For meir informasjon , kontakt
Fungerende seksjonssjef Finn Erik Ljåstad Pettersen, tlf: 22 95 98 45
Førstekonsulent Martin Andreas Vik, tlf: 22 95 93 32


Relatert informasjon