Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Kraftsituasjonen veke 1 2010

13.01.2010 | 14:00

Norske forbruksrekordar og høge kraftprisar. Kaldt vêr over heile landet førte til eit rekordhøgt norsk straumforbruk i førre veke. Mellom klokka 09 og 10 onsdag 6. januar vart det forbrukt 23 994 MWh elektrisk kraft.

Om kraftsituasjonsrapporten

NVE utarbeider og tilgjengeliggjør kraftsituasjonsrapporter ukentlig.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for uke 1 her.


Dette er den timen med høgast straumforbruk nokosinne. Førre rekord var frå 5. februar 2001. Det vart i veke 1 forbrukt 3 624 GWh elektrisk kraft i Noreg. Det er 352 GWh eller 10,7 prosent høgare enn føregåande veke, og 302 GWh meir enn førre rekord i vekesforbruk frå 2001.

Også elles i Norden har det vore svært kaldt den siste tida, og etterspurnaden etter straumen er stor. Samtidig har dei svenske kjernekraftverka lenge hatt redusert produksjonskapasitet, og overføringskapasiteten mellom nokre av elspotområda har vore begrensa på grunn av den høge lasten i nettet. Nokre timar førre fredag kom kraftprisane opp i 8,2 kr/kWh i Sverige, Finland, Midt- og Nord-Noreg, samt på Sjælland.

Den høge kraftproduksjonen og lite tilsig den siste tida, har ført til en magasinfylling som er under normalt. Ved utgangen av veke 1 var magasinfyllinga for landet som heilheit 61,0 prosent. Dette er 8,8 prosenteiningar under medianverdien for veka. Gjennom veka minka fyllingsgraden med 3,5 prosenteiningar.


For meir informasjon , kontakt
Avdelingsdirektør Marit Lundteigen Fossdal 22 95 93 53 / 90 18 83 73
Seksjonssjef Tor Arnt Johnsen 22 95 91 49 / 93 02 42 38

 


Relatert informasjon