Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Løyve til Nedre Bergselvi kraftverk

17.01.2012 | 11:00

NVE gjev Bergselvi Kraft AS løyve til å bygge Nedre Bergselvi kraftverk i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Samstundes seier NVE nei til bygging av Øvre Bergselvi kraftverk fordi vi meiner utbygginga vil innverke på landskapsopplevinga frå Sognefjellsvegen som nasjonal turistveg.

Nedre Bergselvi kraftverk vil få ein installert effekt på 5,5 MW og ein årleg produksjon på om lag 15,8 GWh. Dette tilsvarer straumbruken til rundt 790 husstandar.

Øvre Bergselvi kraftverk var planlagt med ei installert effekt på 4,5 MW og ville etter dei framlagte planane gje ein årleg produksjon på rundt 12,6 GWh.

Øvre Bergselvi
Øvre Bergselvi kraftverk var planlagt med inntak noko nedanfor Turtagrø hotell. Røyrgata skulle i stor grad følgje Sognefjellsvegen som er ein nasjonal turistveg.

NVE meiner at overføring av Farningselvi og redusert vassføring på utbyggingsstrekkja, saman med tekniske inngrep vil få stor negativ verknad på landskapsopplevinga. Desse verknadene er etter vår meining større enn fordelane ved tiltaket. NVE har difor ikkje gjeve løyve til bygging av Øvre Bergselvi kraftverk.

Les meir om Øvre Bergselvi

Nedre Bergselvi
Nedre Bergselvi kraftverk får inntak på kote 404. Vatnet blir herfrå ført i nedgrave røyr til der bekkekløfta Skagagjelet startar, og vidare vert vassvegen lagt i tunnel ned til kraftstasjonen som vert plassert på Fortun ved eksisterande Skagen kraftverk.

NVE meiner landskapsverknadene her vert monaleg mindre enn for Øvre Bergselvi kraftverk då avstanden er større til Sognefjellsvegen og elva for det meste er mindre synleg.

Den største ulempa er etter NVE si meining at Skagagjelet får fråført vatn, slik at biologisk mangfald i bekkekløfta kan verte påverka. NVE har i vurderinga lagt vekt på at kløfta allereie har fått fråført mykje vatn tidlegare, og at kløfta ligg slik til at med ei god minstevassføring så vil mangfaldet kunne verte oppretthalde.

Kraftverket vil få ein produksjon på 15,8 GWh/år, og NVE meiner at fordelane gjennom denne auken i produksjon av ny fornybar energi saman med lokale ringverknader er større enn ulempene. NVE har difor gjeve løyve til bygging av Nedre Bergselvi kraftverk på nærare fastsette vilkår, mellom anna krav om minstevassføring heile året.

Les meir om Nedre Bergselvi.

For informasjon kontakt:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/90 19 82 16
Seniorrådgjevar Auen Korbøl, tlf. 22 95 93 44


    Relatert informasjon