Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Ikkje løyve til Segadal kraftverk

20.01.2012 | 08:00

NVE seier nei til bygging av Segadal kraftverk i Hjelmeland kommune i Rogaland. Segadal Kraft AS (SUS) får ikkje løyve av omsyn til landskapsrommet i Jøsenfjorden.

Segadal kraftverk i Segadalsåna var planlagt med ein installert effekt på 4 MW og ein årleg produksjon på om lag 12,2 GWh.

NVE meiner dei negative konsekvensane i hovudsak er knytt til vassdragets verdi som eit markert landskapselement i Jøsenfjorden, samt den samla belastninga ved fråføring av vatn i eit av få attverande større urørte vassdrag ned mot fjorden i området.

Segadalsåna har to markerte løp eksponert ut mot fjorden. Ei utbygging vil etter NVE sitt syn øydelegge landskapskvalitetane ved at alt vatnet fråføres i det eine løpet og at det store delar av året berre vil renne minstevassføring i det andre. I tillegg kjem tekniske inngrep som anleggsveg og røyrgate, som vil gje varige, synlige merker og vere svært eksponert mot fjorden i et stort landskapsrom.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderar at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til ålmenne interesser og gjev difor ikkje løyve

Les meir om Segadal kraftverk

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Avdelingsingeniør Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66

 


    Relatert informasjon