Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
NVE gjev Marine Harvest AS løyve til auka vassuttak for smoltproduksjon frå Vassbakkvatnet i Volda kommune, Møre og Romsdal. Samstundes avslår NVE søknad om løyve til stenging av Vassbakkvatnet for oppgang av anadrom fisk.
Marine Harvest AS får løyve til fortsett regulering av Vassbakkvatnet og auka vassuttak frå Steinsvikvassdraget til settefiskanlegget i Steinsvik. Løyvet vil gje grunnlag for å utvide drifta ved settefiskanlegget og gje ei sikrare vassforsyning. Vassuttaket skal ikkje vere større enn 25 m3/min, og det skal til einkvar tid kunne gjerast greie for storleiken på vassuttaket. For å sikre at elvestrekkjene nedafor inntaka ikkje blir tørrlagt, skal det sleppast ei minstevassføring forbi inntaket i Tungeelva og forbi dammen i Vassbakkvatnet gjennom heile året.NVE vurderer reguleringa og vassuttaket med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.
Les meir om løyvet til regulering av Vassbakkvatnet og auka vassuttak frå Steinsvikvassdraget herAvslag på søknad om fiskesperreMarine Harvest AS har også søkt om løyve til å kunne oppretthalde stengsel for anadrom fisk opp til Vassbakkvatnet for å hindre smitte frå villfisk gjennom vassinntaket til settefiskanlegget. Det finns i dag metodar som kan reinse inntaksvatn slik at ein unngår smittefare. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til positive effektar av ei stenging. For vurdering og gjennomføring av tiltak for å styrke, evt. reetablere fiskestammar i vassdraget, har Fylkesmannen gjennom konsesjonen heimel til å gje pålegg om aktuelle tiltak som kan opne for fiskeoppgang forbi den etablerte dammen ved Vassbakkvatnet.Les meir om søknaden om løyve til fiskesperre i Vassbakkvatnet her
Kontaktpersonar:Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16Overingeniør Frank Jørgensen, tlf. 22 96 94 31