Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Varedeklarasjon 2010

11.06.2012 | 09:00

I 2010 vart det produsert omlag 119 TWh fornybar straum i Noreg, og det vart seld opphavsgarantiar tilsvarande 21,6 TWh til norske kundar.

Tilleggsinformasjon om varedeklarasjon basert på residualberegning.


Figur 1. NVE sin varedeklarasjon (forbruksmiks) i 2010 for kundar som kjøpar kraft det ikkje er innløyst opphavsgarantiar for.

 

Opphavsgarantiar tilsvarande 79,8 TWh vart seld til utanlandske kundar, medan opphavsgarantiar tilsvarande 8,2 TWh vart kjøpt frå utlandet.

Når ein tek omsyn til sal av opphavsgarantiar og import av straum, kjem heile 72 prosent av straumen i varedeklarasjonen frå ukjende kjelder eller import i 2010. Kjelda ”ukjend” er kraftmengde som svarar til netto eksporterte opphavsgarantiar.

Berre 24 prosent av straumen som inngår i forbruksmiksen for 2010 er frå norsk fornybar kraftproduksjon, mot omlag 47 prosent i 2009. Gruppene ”ukjend” og ”import” kan og innehalde fornybar energi, men det er umogeleg å seie kor mykje. Reduksjonen i fornybar kraft i forbruksmiksen samanlikna med tidlegare år, skuldast auka eksport av opphavsgarantiar, redusert norsk vasskraftproduksjon og auka import av straum.


Forklaring på korleis det norske forbruket og produksjonen i 2010 var samansett.

CO2-utslepp knytt til forbruksmiksen

CO2-utslepp frå straum med opphav som rekna ut i forbruksmiksen, vil i all hovudsak vere knytt til kraftimport, straum frå ”ukjend” kjelde og norsk gasskraft.

For ein kunde som kjøper kraft det ikkje er innløyst opphavsgarantiar for, kjem 23,7% av forbruket frå fornybare energikjelder som ikkje medfører CO2-utslepp. Rundt 0,6 TWh, som svarar til 0,5% av forbruket, kjem frå norske varmekraftanlegg som brukar bio-brensel og er rekna som CO2-nøytrale.

I underkant av 4,7 TWh, noko som svarar til 4,3 % av forbruket, kjem frå norsk fossil varmekraft. Forbruket av varmekraft kjem i all hovudsak frå gasskraftverk kor utsleppa av CO2 er 350 g/KWh ved ein verknadsgrad på 58%. Omlag 0,5 TWh kjem frå andre varmekraftverk som nyttar olje m.m.

For ein kunde som ikkje kjøper opphavsgarantert kraft, kan ein på grunn av eksport av opphavsgarantiar og import av kraft, sjå det som at 72 % av forbruket svarar til ein europeisk produksjonssamansetning. NVE har vald å sjå på ein europeisk produksjonssamansetning for å berekne CO2-utslepp frå produksjon av import straum og straum frå ukjend kjelde (EU-27 i 2008). CO2-utslepp knytt til europeisk kraftproduksjon i gjennomsnitt er berekna til 374,6 g/kWh. (EU-27 i 2008. Kilde: Eurelectric Power statistics 2010, eurelectric.org).

Tyskland, Sverige og Belgia var dei største mottakarlanda for eksporterte opphavsgarantiar i 2010. Dei eksporterte opphavsgarantiane vert ikkje nødvendigvis innløyst i det landet dei er eksportert til, men kan eksporterast vidare.

Det er i gang eit prosjekt i Europeisk samanheng der ein ynskjer å kome fram til residualmiksen som oppstår på grunn av at land eksporterar opphavsgarantiar, og utsleppa knytt til dette. NVE vil sjå på resultata frå dette prosjektet, og eventuelt oppdatere tal for uslepp når resultata er klare.

Importerte og eksporterte opphavsgarantiar

Når mengda vasskraft og vindkraft i forbruksmiksen er utrekna er opphavsgarantiar innløyst i Noreg og eksporterte opphavsgarantiar trekt i frå.

Eksporterte opphavsgarantiar utgjorde omlag 79,8 TWh i 2010. Av desse vert 29,8 TWh eksportert til Tyskland, rundt 19,9 TWh Sverige og 8,1 TWh til Belgia. Det vart importert opphavsgarantiar for vind, vatn og biobasert kraftproduksjon på til saman omlag 8,2 TWh til Noreg i 2010. Netto eksport av opphavsgarantiar utgjorde dermed rundt 71,6 TWh.

For å kome fram til kjelda ”ukjend”, som svarar til netto eksporterte opphavsgarantiar, korrigerar ein for eksport av fornybar kraft. Ein går ut i frå at norsk krafteksport tilsvarar produksjonsmiksen i Noreg, og eksport av fornybar kraft var då på 6,8 TWh i 2010. Kjelda merka ”ukjend” utgjer omlag 64,8 TWh, og er netto eksporterte opphavsgarantiar svarande til om lag 71,6 TWh, fråtrekt 6,8 TWh. Kjelda er merka ”ukjend”, då det ikkje er mogeleg å definere kjelda.

Fysisk forbruk i Noreg 2010

Totalt norsk forbruk og overføringstap i nettet utgjorde 131,9 TWh i 2010. Brutto import utgjorde 14,7 TWh av forbruket. Nettoimport i 2010 var 7,5 TWh.


Figur 2: Fysisk forbruk i Noreg fordelt på produksjonskjelder

 

Kraftproduksjon i 2010 fordelt på energikjelder


Figur 3: Produksjon i Noreg fordelt på energikjelder

 

Total kraftproduksjon i Noreg var på 124,4 TWh i 2010. Noreg var nettoimportør i 2010; vi eksporterte 7,1 TWh av den norske produksjonen medan vi importerte 14,7 TWh.

Av den norske produksjonen i 2010 vil omlag 119 TWh ha rett på opphavsgarantiar for fornybar kraft. Dette svarar til 96 % av samla produksjon.

Vasskraft

Totalt utgjer vasskraft 94,8 % (117,9 TWh) av den norske kraftproduksjonen i 2010. Noreg har omlag 1300 kraftverk, med installert effekt på i alt 29 900 MW (2010). Til saman utgjer dei ti største vasskraftverka rundt ein firedel av produksjonskapasiteten.

Vasskraft er ei rein form for energiproduksjon som ikkje gjev utslepp av klimagassar eller partiklar. Samstundes medfører utbygging av vasskraft inngrep i naturen, gjennom bruk av areal og regulering av vatn. I tillegg kjem det gjerne anleggsvegar, masseuttak, steintippar og liknande i tilknyting til produksjonsanlegget. Aktivitetane knytt til utbygging og produksjon kan også påverke dyr og planter kring vassdraga på ulike måtar. Endring i vassføring kan påverke fiskebestandar og andre ferskvassorganismar. Slike miljøulemper, både landskapsestetiske og endringar i biologisk mangfald, er hovudårsaka til at mange vassdrag er verna mot kraftutbygging. Slike verdiar vert vurderte i konsesjonsprosessen. Konsesjonssøknadar kan verte avslegne på grunn av miljøomsyn.

Vasskraftverk med magasin vil kunne lagre vatn og produsere elektrisitet når det er behov for det. Kraftverk utan magasin må produsere når vatnet er tilgjengeleg. Små vasskraftverk er kraftverk med installert effekt opp til 10 MW. Tradisjonelt har små vasskraftverk inga regulering av vassdraget.

Vindkraft

Vindkraft utgjorde i 2010 0,7 % (omlag 1 TWh) av den norske kraftproduksjonen. Installert kapasitet for vindkraft var i 2010 ca. 435 MW.

Vindkraft er ei fornybar energikjelde som ikkje gjev forureinande utslepp i form av klimagassar eller partiklar. Men utbygging kan føre til endringar i arealbruken og miljøverknadar av inngrep. Slike miljøverknader kan mellom anna vere knytt til visuelle effektar, landskapsendringar, dyre- og fugleliv. For å utnytte vindressursane best blir gjerne vindturbinane plassert på høgdedrag noko som gjer dei meir synlege i landskapet.

Også vindkraft krev konsesjonshandsaming. I tillegg til ei vurdering av sjølve prosjektet, ser ein mellom anna på om vindkraftanlegget og tilhøyrande infrastruktur kjem i konflikt med andre næringsinteresser, til dømes turisme, reindrift og andre omsyn. Konsesjon vert gjeve for 25 år om gongen og inngrepa er langt på veg reversible. Dersom miljøverknadane er store kan det redusere mogelegheita for at vindparken får konsesjon eller det kan stillast krav om avbøtande tiltak for å redusere negative konsekvensar av utbygginga.

Varmekraft

4,5% (5,6 TWh) av den norske kraftproduksjonen kjem frå varmekraft. I eit varmekraftverk vert fossile brensler, som kol, olje og gass, bio-brensel eller avfall omdanna til elektrisk energi. Eit kjernekraftverk er også eit varmekraftverk.

Produksjonen av varmekraft i Noreg kjem i hovudsak frå gasskraft (4,5 TWh). Rundt 0,6 TWh av den norske varmekraftproduksjonen kjem frå varmekraftanlegg som brukar bio-brensel.

Utslepp av klimagassar og partiklar frå varmekraftanlegg er sterkt knytt til kva type brensel som vert brukt, og alderen på anlegga. Til dømes vert varmekraftanlegg som brukar bio-brensel rekna som CO2-nøytrale sidan dei nyttar fornybart brensel, men dei kan ha ein del utslepp i form av støv, Volatile organic Compounds (VOC) og NOX.

Utslepp frå eit gasskraftverk av kombikrafttypen er på 350 g/KWh ved ein verknadsgrad på 58%.

Import og eksport av kraft

Noreg har i dag overføringskapasitet til nabolanda våre, samt til Nederland. Denne vert brukt til import og eksport av kraft.

Noregs forsyningssikkerheit er avhengig av import frå Europa, men Noreg er i eit normalår nettoeksportør av kraft.

I 2010 var Noreg nettoimportør; 5,7 % (7,1 TWh) av den norske produksjonen vart eksportert medan 11,1 % (14,7 TWh) av det norske forbruket var import.

Kva type kraft vi importerer heng saman med når på døgnet og kva for periodar av året vi importerer. Ofte er det slik at Noreg eksporterer kraft på dagtid, medan vi importerer om natta. Bakgrunnen for dette er at norske vasskraftanlegg med magasin er godt eigna og billeg å regulere opp og ned etter som forbruket varierer. Den termiske krafta er dyr å regulere, så det løner seg difor å ha jamn produksjon over døgnet. I tillegg vil landa vi importerer kraft frå også eksportere og importere kraft til og frå sine naboland. Det er dermed ikkje mogeleg å fastslå kva kjelder den importerte krafta kjem frå.

Tilleggsinformasjon om varedeklarasjon basert på residualberegning:
Oppdatert 11.06.2012

NVE har oppdatert varedeklarasjonen for 2010. Oppdateringen er basert på beregninger av såkalt residualmiks (restmiks) for Norge foretatt innenfor et europeisk prosjekt finansiert av EU- kommisjonen (RE-DISS prosjektet).


Figur: Varedeklarasjon for kunder som ikke kjøper kraft det er innløst opprinnelsesgarantier for basert på residualmiksberegning fra RE-DISS prosjektet.
 

 

Ved beregning av residualmiksen ovenfor tas det hensyn til de ulike landenes eksport og import av opprinnelsesgarantier, og produksjonssammensetningen i landene. NVE har korrigert beregningen slik at beregningsmetode samsvarer med norsk regelverk for benyttelse av opprinnelsesgarantier. For nærmere forklaring, se varedeklarasjon for 2011.

Totalt forbruk for kunder som ikke kjøper kraft det er innløst opprinnelsesgarantier for var 110,3 TWh i 2010.Dersom man tar hensyn til ordningen opprinnelsesgarantier kan man beregne et utslipp av CO2 knyttet til denne miksen er beregnet til 353g/KWh.

Dette reflekterer ikke CO2 utslippet knyttet til norsk produksjon av kraft, men er et tall for sammenhengen mellom kraft og CO2-utslipp som gir mening innenfor ordningene med varedeklarasjoner og opprinnelsesgarantier. Det er mange virkemidler og andre forhold, særlig EUs kvotehandelssystem for drivhusgasser, som påvirker CO2-utslipp fra kraftsektoren, og det oppgitte tallet er derfor bare ett av mange mulige uttrykk for en slik sammenheng.