Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Produksjon

01.04.2009 | 14:26

Total kraftproduksjon i Noreg var på 132,8 TWh i 2009. Noreg var nettoeksportør i 2009; og vi eksporterte 14,6 TWh av den norske produksjonen medan vi importerte 5,7 TWh.

Av den norske produksjonen i 2009 vil 128 TWh ha rett på opphavsgarantiar for fornybar kraft. Dette svarar til 96,4 % av samla produksjon.

Figur 4: Produksjon i Noreg fordelt på energikjelder 

Vasskraft

Totalt utgjer vasskraft 95,7 % (127,1 TWh) av den norske kraftproduksjonen i 2009. Noreg har om lag 1200 kraftverk, med installert effekt på i alt 29 600 MW (2009). Til saman utgjer dei ti største vasskraftverka om lag ein firedel av produksjonskapasiteten.

Vasskraft er ei rein form for energiproduksjon som ikkje gjev utslepp av klimagassar eller partiklar. Samstundes medfører utbygging av vasskraft inngrep i naturen, gjennom bruk av areal og regulering av vatn. I tillegg kjem det gjerne anleggsvegar, masseuttak, steintippar og liknande i tilknyting til produksjonsanlegget. Aktivitetane i tilknyting til utbygging og produksjon kan også påverke dyr og planter kring vassdraga på ulike måtar. Endring i vassføring kan påverke fiskebestandar og andre ferskvassorganismar. Slike miljøulemper, både landskapsestetiske og endringar i biologisk mangfald, er hovudårsaka til at mange vassdrag er verna mot kraftutbygging. Slike verdiar vert vurderte i konsesjonsprosessen. Konsesjonssøknadar kan verte avslegne på grunn av miljøomsyn.                                                     

Vasskraftverk med magasin vil kunne lagre vatn og produsere elektrisitet når det er trong for det. Kraftverk utan magasin må produsere når vatnet er tilgjengeleg. Små vasskraftverk er kraftverk med installert effekt opp til 10 MW. Tradisjonelt har små vasskraftverk inga regulering av vassdraget.

 

Vindkraft

Vindkraft utgjorde i 2009 0,7 % (om lag 1 TWh) av den norske kraftproduksjonen. Installert kapasitet for vindkraft er ca. 431 MW (2009).

 
Vindkraft er ei fornybar energikjelde som ikkje gjev forureinande utslepp i form av klimagassar eller partiklar. Men utbygging kan føre til endringar i arealbruken og miljøverknadar av inngrep. Slike miljøverknader kan mellom anna vere knytt til visuelle effektar, landskapsendringar, dyre- og fugleliv. For å utnytte vindressursane best blir gjerne vindturbinane plassert på høgdedrag noko som gjer dei meir synlege i landskapet.
                                                                                                                Også vindkraft krev konsesjonshandsaming. I tillegg til ei vurdering av sjølve prosjektet, ser ein mellom anna på om vindkraftanlegget og tilhøyrande infrastruktur kjem i konflikt med andre næringsinteresser, til dømes turisme, reindrift og andre omsyn. Konsesjon vert gjeve for 25 år om gongen og inngrepa er langt på veg reversible. Dersom miljøverknadane er store kan det redusere mogelegheita for at vindparken får konsesjon eller det kan stillast krav om avbøtande tiltak for å redusere negative konsekvensar av utbygginga.

 

Varmekraft

3,6 % (4,7 TWh) av den norske kraftproduksjonen kjem frå varmekraft. Auka på 3,5 TWh frå 1,2 TWh i 2009 kjem frå gasskraftverka Kårstø og Melkøya. I eit varmekraftverk vert fossile brensler, som kol, olje og gass, bio-brensel eller avfall omdanna til elektrisk energi. Eit kjernekraftverk er også eit varmekraftverk. Rundt 0,6 TWh av den norske varmekraftproduksjonen kjem frå varmekraftanlegg som brukar bio-brensel.

Produksjonen av varmekraft i Noreg kjem i hovudsak frå industriprosessar, mest treforedling, der det vert avgjeve varme som kan nyttast til kraftproduksjon. Varmekraftanlegg i Noreg har liten installert kapasitet og er som oftast lokalisert til, og eigd av, større industribedrifter som sjølv treng elektrisiteten som vert produsert. Også i fjernvarmeanlegg kan ein del av varmen gå til kraftproduksjon, såkalla kogenerering.
                                                                                                                Utslepp av klimagassar og partiklar frå varmekraftanlegg er sterkt knytt til kva type brensel som vert brukt og alderen på anlegga. Til dømes vert varmekraftanlegg som brukar bio-brensel rekna som CO2-nøytrale sidan dei nyttar fornybart brensel, men dei kan ha ein del utslepp i form av støv, Volatile organic Compounds (VOC) og NOX.

Utslipp frå eit gasskraftverk av kombikrafttypen er på 350 g/KWh ved ein virkningsgrad på 58%.