Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Når mengda vasskraft og vindkraft i forbruksmiksen er utrekna er opphavsgarantiar innløyst i Noreg og eksporterte opphavsgarantiar trekt i frå.
Eksporterte opphavsgarantiar utgjorde i overkant av 58,9 TWh i 2009. Av desse vert 19,4 TWh eksportert til Tyskland, om lag 17 TWh til Sverige, 6,1 TWh til Belgia og om lag 5,5 TWh til Nederland. Det vart importert opphavsgarantiar for vind, vatn og biobasert kraftproduksjon på til saman om lag 2 TWh til Noreg i 2009. Netto eksport av opphavsgarantiar utgjorde dermed om lag 57 TWh.
For å kome fram til kjelda ”ukjend”, som svarar til netto eksporterte opphavsgarantiar, korrigerar ein for eksport av fornybar kraft. Ein går ut i frå at norsk krafteksport tilsvarar produksjonsmiksen i Noreg, og eksport av fornybar kraft var då på 14,1 TWh i 2009. Kjelda merka ”ukjend” utgjer 42,9 TWh, og er netto eksporterte opphavsgarantiar svarande til 57 TWh, fråtrekt 14,1 TWh. Kjelda er merka ”ukjend”, då det ikkje er mogeleg å nøyaktig definere kjelda.
Det er ulike produksjonskjelder i dei landa opphavsgarantiane vert eksportert til. Produksjonskjelde i Tyskland og Belgia er hovudsakleg varmekraft(3) . Meir informasjon om kraftproduksjonen i Nederland og Sverige ligg under lenka ”Import og eksport av kraft”. Dei eksporterte opphavsgarantiane vert ikkje nødvendigvis innløyst i det landet dei er eksportert til, men kan eksporterast vidare.
3 Kjelde: UCTE