Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Noreg har i dag overføringskapasitet til nabolanda våre samt Nederland. Denne vert brukt til import og eksport av kraft. I år med mykje nedbør og stort tilsig kan eksporten vere større enn importen. I 2009 var Noreg nettoeksportør; 11 % (14,6 TWh) av den norske produksjonen vart eksportert medan 4,6 % (5,7 TWh) av det norske forbruket var import.
Vi har valt å vise storleiken på import som ein eigen del av det norske forbruket, ikkje fordelt på kva typar energikjelder den importerte krafta kjem frå. Importen i denne samanheng er brutto import. Sektordiagrammet nedanfor viser kva land vi importerer frå. Heile 46 % av importen kjem frå Sverige, medan 26 % kjem frå Danmark, 21,9 % frå Nederland, 3,9 % frå Russland og 2,2 % frå Finland. Ein del av importen kjem indirekte frå andre land, til dømes frå Tyskland gjennom Sverige eller Danmark.
Figur 5: Brutto import fordelt på kva land vi importerer frå
Kva type kraft vi importerer heng saman med kva land vi importerer frå, om desse landa også importerer frå andre land og kva tid på døgnet det er vi importerer. Ofte er det slik at Noreg eksporterer kraft på dagtid, medan vi importerer om natta. Bakgrunnen for dette er at norske vasskraftanlegg med magasin er godt egna og billegast å regulere opp og ned etter som forbruket varierer. Den termiske krafta er dyr å regulere, så det løner seg difor å ha jamn produksjon over døgnet.
Produksjonssamansetninga i dei landa vi importerer frå gjev difor berre eit bilete på kva energikjelder vi importerer frå. Figuren nedanfor viser kva energikjelder produksjonen i nabolanda våre kjem frå. For Sverige, Danmark og Finland er produksjonssamansetninga basert på installert kapasitet i 2008. Den direkte importen frå Russland kjem frå eit spesifikt vasskraftanlegg.