Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Importerte og eksporterte opphavsgarantiar

01.04.2009 | 14:22

Når mengda vasskraft og vindkraft i forbruksmiksen er utrekna er opphavsgarantiar innløyst i Noreg og eksporterte opphavsgarantiar trekt i frå.


Eksporterte opphavsgarantiar utgjorde i overkant av 45,6 TWh i 2008. Av desse vert om lag 7,9 TWh eksportert til Nederland, 16,5 TWh til Tyskland og 13,5 til Sverige. Det vart importert opphavsgarantiar for vind, vatn og biobasert kraftproduksjon på til saman 2,1 TWh til Noreg i 2008. Netto eksport av opphavsgarantiar utgjorde dermed 43,5 TWh.


For å kome fram til kjelda ”ukjend”, som svarar til netto eksporterte opphavsgarantiar, korrigerar ein for eksport av fornybar kraft. Ein går ut i frå at norsk krafteksport tilsvarar produksjonsmiksen i Noreg, og eksport av fornybar kraft var då på 17,2 TWh i 2008. Kjelda merka ”ukjend” utgjer 26,3 TWh, og er netto eksporterte opphavsgarantiar svarande til 43,5 TWh, fråtrekt 17,2 TWh. Kjelda er merka ”ukjend”, då det ikkje er mogeleg å nøyaktig definere kjelda.

 
Det er ulike produksjonskjelder i dei landa opphavsgarantiane vert eksportert til.  Produksjonskjelde i Tyskland er hovudsakleg varmekraft . Meir informasjon om kraftproduksjonen i Nederland og Sverige ligg under lenka ”Brutto import”. Dei eksporterte opphavsgarantiane vert ikkje nødvendigvis innløyst i det landet dei er eksportert til, men kan eksporterast vidare.