Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Varedeklarasjon 2008

01.04.2009 | 13:35

Alle kraftleverandørar skal informere kundane sine om samansetninga av kjeldene bak leveransane av elektrisk energi føregåande år. Dette kan kallast ein varedeklarasjon. Kravet følgjer av pålegg gjeve i eldirektivet

Enkelte kraftleverandørar tilbyr eigne varedeklarasjonar der dei gjennom opphavsgarantiar garanterer kundane at dei berre betalar for straum frå fornybare energikjelder. Ein slik kraftavtale sikrar at det er blitt produsert like mykje fornybar kraft som den kraftmengda kunden brukar. Dei kraftleverandørane som ikkje tilbyr eigne varedeklarasjonar sel ei utrekna samansetning av kraft frå ulike energikjelder (forbruksmiks).


Nedanfor viser vi varedeklarasjonen for elektrisitet i 2008. Her er det korrigert både for netto eksport av opphavsgarantiar og opphavsgarantiar som er nytta ved sal til norske kundar.

 
Illustrasjon - forbruk i Noreg fordelt på energikjelder og brutto import.
Illustrasjon - Varedeklarasjon 2008 - forbruk i Noreg fordelt på energikjelder og brutto import.

Forbrukarar som ikkje kjøper kraft som er opphavsgarantert vil ha ein slik forbruksmiks. For ein kunde som berre delvis nyttar opphavsgarantert kraft, vil resten av forbruket ha denne samansetninga.

I 2008 vart 23,7 TWh av opphavsgarantiane nytta ved sal til norske kundar. Desse er trekt i frå mengda vasskraft og vindkraft som inngår i forbruksmiksen.

Kjelda ”ukjend” er kraftmengde svarande til netto eksporterte opphavsgarantiar, sjå lenke til venstre. Eksport av opphavsgarantiar kan ein sjå som at den fornybare eigenskapen ved den produserte krafta er eksportert.

Følg lenkane til venstre for nærmare forklaring på korleis det norske forbruket og produksjonen i 2008 var samansett.

 

CO2-utslepp knytt til produksjonsmiksen

CO2-utslepp frå forbruksmiksen vil i all hovudsak vere knytt til import og kjelda merka ”ukjend”. Gjennom kraftvolumet merka ”ukjend” tek ein omsyn til at opphavsgarantiar for ein del av krafta frå fornybare energikjelder er eksportert, sjå under lenka ”Importerte og eksporterte opphavsgarantiar”.

Nederland, Tyskland og Sverige var dei største mottakarlanda for eksporterte opphavsgarantiar i 2008. Dei eksporterte opphavsgarantiane vert ikkje nødvendigvis innløyst i det landet dei er eksportert til, men kan eksporterast vidare. NVE har difor vald å sjå på ein europeisk produksjonssamansetning for informasjon om CO2-utslepp (EU-25 i 2005).

For ein kunde som ikkje kjøper opphavsgarantert kraft kjem om lag  av 71 % av forbruket frå fornybare energikjelder, og medfører ikkje CO2-utslepp.

Om lag 1% kjem frå norsk varmekraft. Ein stor del av dei norske varmekraftanlegga brukar bio-brensel og er rekna som CO2-nøytrale. Utslipp frå eit gasskraftverk av kombikrafttypen er på 350 g/KWh ved ein virkningsgrad på 58%. Frå eit kondens-kullkraftverk er utsleppa på 980 g/KWh ved ein vikningsgrad på 40%. (Kjelde: NVE Håndbok 1/2007)

For ein kunde som ikkje kjøper opphavsgarantert kraft, kan ein på grunn av eksport av opphavsgarantiar og import av kraft sjå det som at 28 % av forbruket svarar til ein europeisk produksjonssamansetning. CO2-utslepp knytt til dette forbruket er berekna til 400 g/kWh. (EU-25 i 2005. Kilde: Eurelectric-rapporten ”Environmental Statistics of the Electricity Industry2005-2006” (eurelectric.org)