Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Vindkraft utgjorde i 2007 0,7 % (0,9 TWh) av den norske kraftproduksjonen. Installert kapasitet for vindkraft er ca. 330 MW (2006).
Ikkje forureinandeVindkraft er ei fornybar energikjelde som ikkje gjev forureinande utslepp i form av klimagassar eller partiklar. Men utbygging kan føre til endringar i arealbruken og miljøverknadar av inngrep. Slike miljøverknader kan mellom anna vere knytt til visuelle effektar, landskapsendringar, dyre- og fugleliv. For å utnytte vindressursane best blir gjerne vindturbinane plassert på høgdedrag noko som gjer dei meir synlege i landskapet.
Krev konsesjonshandsamingOgså vindkraft krev konsesjonshandsaming. I tillegg til ei vurdering av sjølve prosjektet ser ein mellom anna på om vindkraftanlegget og tilhøyrande infrastruktur kjem i konflikt med andre næringsinteresser, til dømes turisme, reindrift og andre omsyn. Konsesjon vert gjeve for 25 år om gongen og inngrepa er langt på veg reversible. Dersom miljøverknadane er store kan det redusere mogelegheita for at vindparken får konsesjon eller det kan stillast krav om avbøtande tiltak for å redusere negative konsekvensar av utbygginga.