Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
1,1 % (1,5 TWh) av den norske kraftproduksjonen kjem frå varmekraft. I eit varmekraftverk vert fossile brensler, som koll, olje og gass, bio-brensel eller avfall omdanna til elektrisk energi.
Eit kjernekraftverk er også eit varmekraftverk. Om lag 0,6 TWh av en norske varmekraftproduksjonen kjem frå varmekraftanlegg som brukar bio-brensel.
IndustriprosessarProduksjonen av varmekraft i Noreg kjem i hovudsak frå industriprosessar, mest treforedling, der det vert avgjeve varme som kan nyttast til kraftproduksjon. Varmekraftanlegg i Noreg har liten installert kapasitet og er som oftast lokalisert til, og eigd av, større industribedrifter som sjølv treng elektrisiteten som vert produsert. Også i fjernvarmeanlegg kan ein del av varmen gå til kraftproduksjon, såkalla kogenerering.
Utslepp knytt til type brenselUtslepp av klimagassar og partiklar frå varmekraftanlegg er sterkt knytt til kva type brensel som vert brukt og alderen på anlegga. Til dømes vert varmekraftanlegg som brukar bio-brensel rekna som CO2-nøytrale sidan dei nyttar fornybart brensel, men dei kan ha ein del utslepp i form støv, Volatile organic Compounds (VOC) og NOX.