Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Importerte og eksporterte opphavsgarantiar

05.02.2009 | 11:41

Mengda vasskraft og vindkraft i forbruksmiksen er berekna ved at opphavsgarantiar innløyst i Noreg og eksporterte opphavsgarantiar er trekt i frå høvesvis norsk vasskraftproduksjon og norsk vindkraftproduksjon.

Det vart importert opphavsgarantiar for vind på 0,36 TWh til Noreg i 2007. Eksporterte opphavsgarantiar utgjorde i overkant av 26 TWh i 2007. Av desse vert om lag 7 TWh eksportert til Nederland, 6,8 TWh til Austerrike og 4,3 TWh til Tyskland.

Brutto fysisk eksport var i 2007 på 15,3 TWh. Dersom ein går ut frå at eksportert kraft tilsvarar produksjonsmiks i Noreg, utgjer eksportert vind- og vasskraft om lag 15 TWh. Dette er teke omsyn til ved utrekning av kraftvolum som erstattar eit volum tilsvarande dei eksportera opphavsgarantiane.  Denne krafta er merka ”ukjend”, då det ikkje er mogeleg å definere kjelde.

Fornybar produksjon i landa Nederland, Austerrike og Tyskland utgjorde høvesvis 7%, 64% og 12 % i 2006 (Kjelde: UCTE) . Produksjonskjelder i Tyskland og Nederland er hovudsakleg varmekraft.