Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Noreg har i dag overføringskapasitet på om lag 4 000 MW til nabolanda våre. Når NorNed-kabelen kjem i drift vil kapasiteten auke til om lag 4700 MW. Desse vert brukt både til import og eksport av kraft.
Tradisjonelt har Noreg vore eksportør av kraft, men sidan slutten på 1990-talet har vi stort sett vore nettoimportørar. Dette kjem av vekst i forbruket og lite utbygging av kraftproduksjon dei siste 15 åra. I år med mykje nedbør og stort tilsig kan eksporten vere større enn importen. I 2007 var Noreg nettoeksportør; 4 % (5,2 TWh) av det norske forbruket var import, medan vi eksporterte 11 % (15,3 TWh) av den norske produksjonen.
Vi har valt å vise storleiken på import som ein eigen del av det norske forbruket, ikkje fordelt på kva typar energikjelder den importerte krafta kjem frå. Importen i denne samanheng er brutto import. Sektordiagrammet nedanfor viser kva land vi importerer frå. Heile 72 % av importen kjem frå Sverige, medan 22 % kjem frå Danmark, 4 % frå Russland og 2 % frå Finland. Ein del av importen kjem indirekte frå andre land, til dømes frå Tyskland gjennom Sverige eller Danmark.
Figur 5 Brutto import fordelt på kva land vi importerer frå
Kva type kraft vi importerer heng saman med kva land vi importerer frå, om desse landa også importerer frå andre land og kva tid på døgnet det er vi importerer. Ofte er det slik at Noreg eksporterer kraft på dagtid, medan vi importerer om natta. Bakgrunnen for dette er at norske vasskraftanlegg med magasin er godt egna og billegast å regulere opp og ned utifrå forbruket, medan den termiske krafta er dyr å regulere opp og ned så det løner seg å ha jamn produksjon over døgnet. Produksjonssamansetninga i dei landa vi importerer frå gjev berre eit bilete på kva energikjelder vi importerer frå. Figuren nedanfor viser kva energikjelder produksjonen i nabolanda våre kjem frå. Vi gjer merksame på at dette er produksjonssamansetninga for 2006 basert på installert kapasitet. Når det gjeld den direkte importen frå Russland kjem denne frå eit spesifikt vasskraftanlegg.